56 jenter og gutar har i sommar skrive lærlingkontrakt med Aker Elektro, ti fleire enn i fjor. Ungdom kysten rundt ønskjer å bli automatikarar, elektrikarar og tavlemontørar. Hos Aker Stord er interessa for sveis-, plate— og røyrleggjarfaga langt mindre. Verftet tek i haust inn berre sju lærlingar, mot 45 for berre tre år sidan.

— Årsakene er kapasitetstilpassinga Aker Stord har vore gjennom, og redusert tilgang på kvalifiserte søkjarar, seier informasjonssjef for Aker Kværner på Stord, Alf Terje Myklebust.

Røkkes pep talk

I vår var konserneigar Kjell Inge Røkke på Aker Stord og snakka til 300 yrkesskuleelevar frå Sunnhordland. Han understreka behovet for nyrekruttering i offshoreindustrien, og la til at operatøryrka er blitt meir utfordrande og kompetansekrevjande enn folk flest er klare over.

— Ja, eg var og høyrte på Røkke. Men eg hadde søkt om lærlingeplass før det, seier Stord-jenta Ann Kristin Heggøy (19), ein av årets 17 Aker Elektro-lærlingar som er tekne opp i automasjonsfaget.

— Automasjon er eit breitt og allsidig fag, seier ein nøgd lærlingkollega Trond Tvedt (19) frå Tysnes.

Heggøy og Tvedt har sidan 10.juni ý før dei formelt avslutta vidaregåande skule ý arbeidd på Grane-prosjektet på Aker Stord for Aker Elektro. Timeløna er 73 kroner. Fagprøve blir det i november-desember 2003.

200 søkte

— Lærlingordninga er ein svært viktig del av rekrutteringa, seier lærlingansvarleg fro elektrikarane i Aker Elektro, Gunnar Østrem. Aker Elektro fekk rundt 200 søkjarar til årets lærlingplassar. På slutten av 1990-åra var søkjartalet over 800. Årets lærlingar er fordelt på Aker Elektro sine avdelingar i Stavanger (22), på Stord (27), Mongstad, i Egersund og i Nordsjøen.

Aker Elektro har i alt 1950 tilsette, Aker Stord vel 1200. Verftets sju nye lærlingar i haust er fordelt på tre industrimekanikarar, to sveisarar og to industrirøyrleggjarar. I fjor haust tok Aker Stord inn 14 lærlingar.