— Det eine stengjer ikkje det andre ute, seier Tryti. Ho ser for seg ei fordeling der noko av Slettemarks kunst kan visast ved Nasjonalmuseet i Oslo, Kunstmuseene i Bergen, noko ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde og at Moderna Museet i Stockholm utvidar samlinga, som no berre består av puddeldrakta og ein videoinstallasjon.

  • I den samanhengen er det og naturleg at Naustdal har ei samling, seier Tryti.

Ho understrekar at det formelle samarbeidet Naustdal innleia i 2006 med Kjartan Slettemark og Karin Grönlund held fram, og at dei har eit fint samarbeid med Slettemarks sambuar.

  • Vi får ganske enkelt sjå kva vi får til. Først og fremst konsentrerer vi oss om SlettemarkART-festivalen i juni, og å få fullført «Budeie»-statuen. Den manglar framleis KjARTan-rosene som skal stå rundt, seier Tryti, som gjerne vil utfordre Audun Eckhoff:
  • Som nytilsett direktør for Nasjonalmuseet bør han få i stand ei retrospektiv Slettemark-utstilling, slik at det mondene hovedstadspublikummet får sett ham - i den byen der Vietnambiletet hans vart slått sund.
oddleiv apneseth