— Vi veit av erfaring at snø som kjem på denne tida av året kan ha kort levetid. I verste fall kan nysnøen verka som åte, og eta av snøen under når det tinar, seier disponent Per Inge Brekke til Bergens Tidende.

Han har ei god kjensle for påsketrafikken, og satsar store pengar på eit breidt påskeopplegg. Nærare ein kvart million kroner går med til marknadsføring og underhaldning. Kjendisar frå TV skal liva opp i området rundt Storastovo nedunder Slettafjellet.

— Men har du nok snø?

— Ja, løypene er snødekte i dag, og vi har over 100.000 kubikkmeter kunstsnø liggande klar i reserve. Ein haug ligg på Fitjamyrane, og resten ligg i kuleløypa der Kari Traa og freestylevenene hennar boltra seg i, fortel Brekke.

Plaskregn og 15 varmegrader må til, for at han skal missa nattesvevnen, hevdar han overfor Bergens Tidende.

Løypene oppe i fjellet har han inga sut for. Det er dei 200 nederste metrane i Bavallen mildvêret først går ut over. Skulle snøen bli borte her, kuttar ein av dei andre løypene, og let skiløparane bruka den slakke og smale «kuffertløypa» ned att til parkeringsplassen, varmestova og dei nedre heis-stasjonane. Til denne smale løypa skulle 100 millionar liter reservesnø halda lenge. Brekke har lita tru på at han må ty til alternativet, å strø med sand slik at skiløparane kan gå til fots.

Kunstsnø er ikkje gratis med dagens straumprisar. Snølegginga av kuleløypa kosta rundt 130.000 kroner, utan at nedskriving av snøkanonanlegget er rekna med. Snøen skal flyttast med ein traktor som har stor kapasitet.