DET OPNE OG LAVE kystlandskapet i Nordhordland må bli spart for høgspentmaster til kraftoverføring mellom Mongstad og Kollsnes. I dette landskapet vil mastene bli urimeleg dominerande.

Det er heller ikkje først og fremst eit lokalt behov den nye straumforsyninga skal dekka. Mongstad og Kollsnes er delar av den overordna nasjonale infrastrukturen; av den viktigaste nasjonale pengemaskina. Ulempene pengemaskina fører med seg skal då heller ikkje einsidig påleggjast lokalmiljøet. Ekstrakostnadene til jordkabling må alle som nyt godt av oljeinntektene bidra til.

LOVPÅLEGG og politiske retningsliner gjer at Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) ikkje er i stand til å skilja mellom akseptable og urimelege naturinngrep. NVE kan heller ikkje endra kostnadsfordelinga om det er oljeindustrien eller eit meir vanleg forbruk som utløyser behovet for auka overføringskapasitet. Men i eit debattinnlegg i dagens avis argumenterer avdelingsdirektør Bjørn Wold også for at forsterkningar av sentralnettet aldri skuldast berre ein kunde eller ei gruppe kundar. Hovudargumentet hans er likevel at jordkabling er vesentleg dyrare enn luftliner, og at det må vera lik praksis i alle framtidige saker.

Det gode byråkrati, med føreutseielege og like reglar for alle, kan likevel stå i vegen for det rette.

NVE VEIT at fjordlandskapet i Hardanger har nasjonal og internasjonal verneverdi. NVE burde difor vita at det ikkje kan byggjast ein dominerande luftleidning gjennom dette landskapet utan at den sitjande regjeringa blir gjort ansvarleg for eit eventuelt inngrep.

NVE veit at den eksisterande kraftlina til Kollsnes er lagd i jordkabel gjennom Øygarden, av omsyn til det sårberre landskapet og fordi kraftbehovet var utløyst av oljeindustrien. Nett dei same argumenta tilseier at kabling mellom Mongstad og Kollsnes må få ei politisk avklaring.

FORDELINGA av dei store meirkostnadene ved kabling bør også vurderast på nytt. Det er ikkje opplagt at rette løysinga er å velta kostnadene med forsterking av linenettet over på alle forbrukarar, om det til dømes er oljeindustrien som utløyser behovet for framføring av meir kraft.

Nordhordlandskommunane har fått ein pen snei av vår felles oljekake, og må tola visse ulemper. Mest kake og minst kakeulemper har likevel Oslo fått. NVE er - som storparten av den norske avgjerdsmakta - prega av manglande forståing for denne ulempefordelinga. NVE må få nye retningsliner - og flyttast ut frå hovudstaden, nærare kraftproduksjonen.