Går alt som planlagt, vil også oppryddinga etter Voss Cup nummer 19 vera unnagjort om eit par timar. Då skal alle dei 52 måla vera fjerna frå dei 26 små fotballbanene, og alt bos vera rydda.

Fyllebråk

– Som vanleg er det utanforståande som har gjort livet surt for nokre få av dei mange tusen deltakarane og tilreisande, kommenterer turneringsleiar Lars Mossefinn.

Han siktar til ein episode på Bømoen, der Voss Cup-deltakarar hadde leigd seg privat overnatting i brakkeleiren utanfor militærleiren. Dei kom utriveleg nær ei utandørs dansetilskiping, fortel Mossefinn.

Valdeleg – Dette var slett ikkje nokon god tilhaldsstad for barnefamiliar, og nokre vart evakuert til Voss Folkehøgskule. Der var det nokre få ledige overnattingsplassar i Voss Cup sin regi. Andre valde å reisa heim til Bergen for natta, opplyser turneringsleiaren.

Som meldt tidlegare i bt.no vart ein av foreldra sendt til legevakten etter åttak frå lokale bøllar.

Rekordar fall Det store biletet fortel likevel om ei svært vellykka turnering. Innimellom vel 1300 fotballkampar har dei om lag 7000 deltakarane sett til livs 26.000 brødskiver, 25.000 wienerpølser, 1200 kilo potetmos og drukke 3200 liter mjølk.

Foreldre, besteforeldre og andre tilreisande reiser heller ikkje svoltne heim. Kafear, restaurantar og gatekjøken på Voss har hatt eventyrleg omsetnad, og utanfor Idrettshallen har grillmaten gått unna som aldri før.

Få skadar Ørlite regn har det vore innimellom, men stort sett flott vêr. Dei fleste av 135 skader som sanitetsansvarleg Vegard Stalheim Kolve har loggført gjeld skrubbsår. 12 tilfelle er sendt vidare til legevakten, og to av dei skal vera brot, på arm og kragebein.

Tett oppunder 4000 spelarar er innkvartert i Voss Cup sin regi (raude armband). Mange ordnar med innkvartering sjølve, og i eitt tilfelle var dette ikkje ei god løysing i år.

HELSAR PENT: Fair Play er hovudbodskapen i prosjektet som tilskiparen og Hordaland Fotballkrets har samarbeidd om under årets Voss Cup.
ARNE HOFSETH