Bergen taper stadig kampen om regionfunksjonar med andre byar og tettstader på Vestlandet.

Først vart Stavanger hovudsete for den nye sjukehusregionen Helse Vest. Så vart det regionale vegkontoret lagt til Leikanger i Sogn, og like før påske vart det kjent at siddisane truleg også får det regionale tollkontoret.

No er dessutan Sentralsjukehuset i Rogaland (SiR) tildelt det regionale ansvaret for AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) i katastrofesituasjonar.

— Løn for langsiktig strategi

— Klart vi kunne ønskje oss at den vart lagt til Bergen. Men no må vi samarbeide, istadenfor å nøre opp under nok ein regionstrid. Det har vi hatt altfor mykje av på Vestlandet, meiner seksjonsoverlege Guttorm Brattebø.

Han arbeider ved Akuttmedisinsk seksjon ved Anestesi- og intensivavdelinga ved Haukeland Sykehus. Etter hans vurdering får Stavanger no løn for langvarig arbeid og langsiktig strategi:

— Dei har klart å byggje opp eit godt fagmiljø. Det har ikkje Bergen klart i same utstrekning, seier Brattebø til BT.

- Haukeland må bli flinkare

Styret i Helse Vest valde Stavanger, fordi SiR samarbeider nært med Hovedredningssentralen for Sør-Norge, og regionens redningsskvadron er plassert på Sola. Dessutan er sjukehuset AMK-sentral for Nordsjøen, og har i tillegg det regionale kompetansesenteret for akuttmedisin.

Brattebø meiner at Haukeland Sykehus kan lære av SiR.

— Haukeland må bli flinkare til å bestemme seg for kva vi skal bli gode på. I dag er sjukehuset altfor oppteken av økonomi, men vi må først tenkje kvalitet, så økonomi.

— Det har dei klart i Stavanger?

— Ja, det har dei no dokumentert. Ved Haukeland må vi lære å bli like flinke. Eller flinkare.

Nevrokirurgi blir i Bergen

Helse Vest har vedteke at Haukeland får behalde regionfunksjonen for nevrokirurgi, mens den nevrokirurgiske verksemda ved SiR skal vurderast nærare. Nevrokirurgi involverer høgt spesialiserte fagfolk og medisinsk utstyr.

— Dermed er det ikkje fagleg forsvarleg å byggje opp to tunge miljø for planlagt nevrokirurgi i same region, seier styreleiar i Helse Vest Arne Norheim i ei pressemelding.