Selskapet Nektar Barnevern AS hadde fram til førre veka ansvaret for 21 ungdommar, eit oppdrag betalt av det offentlege. Laurdag var det brått slutt, då leiinga i selskapet med 108 tilsette slo seg sjølv konkurs.

Nektar Barnevern AS dreiv fire institusjonar på Vestlandet: To i Øygarden, ein på Søreide og ein på Lepsøy i Os. I alt ti unge mellom 13 og 18 år frå Vestlandet budde på institusjonane. I tillegg var to vestlandsungdommar plassert i Nektar-tiltak på Austlandet.

— Eg visste ingenting om at selskapet var i vanskar før fredag. Laurdag gjekk dei til skifteretten og bad om å bli slått konkurs, seier Geir Kjell Andersland, direktør i Statens Barnevern og Familievern (SBF) Region Vest. Han seier det som er hendt er «veldig keisamt».

Vil stifte nytt selskap

— Vi arbeider for at det som er hendt ikkje skal få konsekvensar for ungdommane. Vi prøver å få til eit opplegg der tiltaka her på Vestlandet blir drivne vidare, seier Andersland.

SBF har stilt driftsgaranti for dei fire tiltaka på Vestlandet ut denne veka, med opning for forlenging. Lønnsgarantifondet har også sagt seg villig til å garantere for lønn til dei tilsette inntil nye opplegg er på plass.

Ei gruppe av dei tilsette på Vestlandet er interessert i å stifte eit nytt selskap som skal ta over dei fire institusjonane.

— Dette er folk på avdelingsleiarnivå, som ikkje har hatt ansvar for økonomien i selskapet, seier bustyrar Vidar Hulaas i Moss, der Nektar Barnevern AS hadde hovudkontor.

Ikkje god økonomistyring

Selskapet har ei gjeld på 18 millionar kroner. Største kreditor er Staten, som har til gode store summar i skatt og arbeidsgjevaravgift.

— Det har nok ikkje vore god økonomisk styring i selskapet, seier Hulaas.

Nektar Barnevern AS vart stifta i 1999, og vaks seg stort på få år. I 2002 omsette dei for nesten 80 millionar kroner, utan at det gjekk bra økonomisk. Underskotet vart på 4,5 millionar kroner.

Dagleg leiar er oppført med ei lønn på 885.000 kroner.

— Kapasiteten vart bygd opp til å kunne ta hand om 55 ungdommar. Det lykkast ikkje å fylle opp alle plassane, seier bustyrar Hulaas, som ikkje er glad for å ha ansvaret for 25 institusjonar både på Aust- og Vestlandet.

Kjent problem

Det er ikkje første gongen at konkursar skaper store problem for det offentlege barnevernet. I 2002 gjekk selskapet Kuba AS i Bergen over ende. Dei hadde ansvaret for 14 ungdommar med store personlege problem. I fjor gjekk også selskapet Sosial Motivasjon ANS konkurs etter økonomisk kaos. På det meste hadde dei ansvaret for 24 ungdommar.

— Frå 1. juli vil vi få ei eiga godkjenningsordning for det private barnvernet. Då vil vi få betre kontroll enn tilfellet har vore hittil, seier direktør Geir Kjell Andersland i SBF Region Vest.