Til no har dei fleste rekna med at Nettbuss (NSB) ikkje ville prøve seg på å kjøpe Gaia, fordi konkurransestyresmaktene vil seie nei.

Men det trur ikkje konsernsjef i Nettbuss, Arne Veggeland, at dei vil gjere.

— Viss du spør meg om vi er for stor allereie meiner eg ikkje det. Nettbuss har ein marknadsandel i Noreg på 26-27 prosent. Og slik sett er vi ikkje så store at det burde vere noko hinder.

— Har de sjekka med Konkurransetilsynet?

— Nei, men vi kjenner vurderingane frå andre bransjar. Ofte er det 40 og gjerne 50 prosent marknadsandel som er den magiske grensa. Så vi trur at vi ville få lov til å kjøpe Gaia, viss de vart eit tema, seier han.

— Er Gaia strategisk interessant for Nettbuss?

— Vi har verksemd i Stavanger og Ålesund, men ikkje i mellom. Bergen er det einaste befolkningstette området i Noreg vi ikkje er til stades, så slik sett ville vi vere interessert i vere til stades der. Så viss Gaia blir vedteke seld er det klart at vi ville vere interessert i å sjå på det, seier Veggeland.

- Kan betale meir enn HSD

Nettbuss er det fjerde selskapet som flaggar interesse for å kjøpe Gaia:

  • HSD vil høgst truleg vere interessert i å by på Gaia, om fusjonen går i vasken.
  • I førre veke kunne BT melde at Europas nest største trafikkselskap, britiske Arriva, er interessert.

— Europas største trafikkselskap, Veolia (tidlegare Connex), gjorde kjent si interesse i eit møte med byrådsleiar Henning Warloe i fjor haust.

Konsernsjef Kjetil Førsvoll i Veolia Transport tok sjølv kontakt med BT før helga for å understreke at dei er interessert.

— Det eg har lyst til å meddele er at vi er ein seriøs aktør som gjerne har lyst til å delta i ei bodrunde, viss vi får lov til det, seier han.

Eit av hovudargumenta til byrådet for å seie nei til fusjonen, og i staden selje Gaia til høgstbydande, er at det vil gje kommunen langt meir for Gaia-aksjane.

Førsvold, som er godt kjent med desse argumenta, går langt i å gje byrådet rett.

— Utan å gå for djupt inn i beløpa, meiner eg vi kan gje høgare bod enn det vi har lese i avisene til no. Går du ut i ein open bodrunde får du i alle fall riktig pris på selskapet. For no verkar det som at politikarane eller eigarane, er parkert på sidelinja og at prosessen er driven fram av administrasjonen i Gaia, seier han.