– Det er ikkje berre klager på den utrekna eigedomsskatten dei har fått frå oss, men mange tek kontakt av di dei ynskjer svar på ulike spørsmål kring opplysningane dei har teke imot, seier Heidi Nimoson i Bømlo kommune til Sunnhordland.

– Er det mykje å gjera med dette?

– Veldig vanskeleg å talfesta, men dagleg tek me oss av 20-25 førespurnader. Det er alt frå folk som kjem innom rådhuset for å spørja oss om noko dei lurer på, telefonsamtalar og innsende klager i samband med eigedomsskatten, opplyser Nimoson.

Debatt: Er du for eller imot eigedomsskatt?

Ho understrekar at for den som ynskjer å klaga på den utskrivne eigedomsskatten er det framleis høve til å gjera i 14 dagars tid. Fristen er 12. august, og den er viktig å få med seg, oppmodar Nimoson.

– Har det vore fleire klager enn venta?

– Det er vanskeleg å seia noko bestemt om, det er vel slik som forventa. Me er ikkje blitt avskremde enno, seier Nimoson med eit smil.

Ho kan ikkje talfesta kor mange konkrete klager som er komne inn til Bømlo kommune.

107 klager

Sunnhordland har på eiga hand gått gjennom postlistene til Bømlo kommune sidan slutten av juni månad då skatten vart skriven ut og fram til og med fredag 24. juli. På den tida hadde det komme inn 107 klager, men som Nimoson seier, er talet på førespurnader rundt eigedomsskatten mykje høgare enn dette.

Eigedomsskatten i Bømlo vart innført etter eit vedtak i Bømlo kommunestyre desember 2008. Den utskrivne eigedomsskatten skal innbetalast i to rater til Bømlo kommune. Den første rekninga har etter planen betalingsfrist 20. september, den andre i november. Etter klagefristen 12. august skal ei sakkunnig ankenemnd skal ta seg av klagene på eigedomsskatten som har komme inn, og handsama desse før det første skattekravet vert sendt ut. Faste medlemer i denne nemnda er politikarane Sammy Olsen (Sp, leiar), Torunn Laurhammer (Ap) og Selma Karin Vestvik (H).

Les meir:

Meir enn 200 eigedomsskatt-telefonar

Godtek ikkje eigedomsskatt

Ja til eigedomsskatt i Bømlo

Fullstendig feil om eigedomsskatt