Vi er på Fisketorget i Bergen. Ein stad dei fleste som bur i byen hastar forbi på veg til noko heilt anna. Som regel er det greiare å gå på den andre sida av vegen, og helst ikkje blande seg med dei mange hundre tusen turistane som kvart år besøkjer staden.

Her kan du stemme på dei største turistfellene i Bergen.

Bak lange disker med norske delikatesser, som kongekrabbe, blåskjel, torsk, laks og uer er det plutseleg berre eksotiske artar og sjå. Spanjolar, italienarar og tyskarar er stilt opp på rekke og rad. Eg kan like godt bestille noko å ete på den skrantande spansken min.

— Quiero un plato de mariscos, por favor.

— Claro. 399 kroner, por favor.

Ei turistfelle er noko som er konstruert meir for turistar enn lokalbefolkning. Dersom 60 prosent eller fleire av de besøkjande er turistar, så er det ikkje autentisk lenger.

Trond Blindheim

Plastbestikk

Den spanske kokken lét seg ikkje imponere nemneverdig over å gjere business på sitt eige morsmål. Ein tallerken med skaldyr er på veg. Kongekrabbe, normal krabbe, reker og blåskjel blir slengt over grillen saman med marinade og smør. Japanarane samlar seg og tek bilete, som måkar på jakt etter fiskeslo. Fem minuttar seinare kjem maten på tallerkenen, saman med litt salat, ein tørr baguett, plastbestikk og serviettar med sitronsmak.

KJEM IGJEN: Eleonor Sousa og Carlos Garriti frå Barcelona har berre positive ting og seie om ferien i Noreg, og har aldri sett nokre turistfeller her i landet.
Rune Sævig

Ja ja.

Men porsjonen er stor, og sjømaten smakar som den skal. Det er jo heilt openbert at dette ikkje er eit matkjøp som vil bli anbefalt til deltakarane på Luksusfellen, og eg trur heller ikkje den kjappe tilberedinga ville gitt toppkarakter hos matskribentane i avisene. Men eg tenkjer med meg sjølv; det er faktisk ganske så triveleg å sitje her langs trebenkene og kjenne smakslaukane bli tilfredsstilt medan turistlivet susar rundt på alle kantar.

Turistfelle?

Rektor Trond Blindheim på Marknadshøgskulen i Oslo skapte i fjor overskrifter då han på eigen hand kåra Fisketorget til Noregs største turistfelle. Men kva er det eigentleg for noko?

— Ei turistfelle er noko som er konstruert meir for turistar enn lokalbefolkning. Dersom 60 prosent eller fleire av de besøkjande er turistar, så er det ikkje autentisk lenger. Det blir ikkje lenger ei oppleving av det lokale. Det er nærast ein sånn Gran Canaria-stad. Samtidig er prisane gjerne ekstremt høge. Og så er staden gjerne konstruert for eit eingongsbesøk.

Blindheim meiner problemet med turistfeller er at turistane får eit inntrykk av at Norge er enno dyrare enn det eigentleg er.

— Som på Fisketorget?

— Jau, min kandidat er Fisketorget.

Ikkje einig

Ved eit av treborda sit Eleonor Sousa og Carlos Garriti frå Barcelona og deler på ein tallerken med sjømat. Dei har ingenting å klage på, sjølv ikkje prisane.

— Eg likar meg her, fordi det er ein naturleg del av byen. Ein kjenner seg heime fordi det ikkje er så formelt her. Prisane er akseptable, ikkje for høge og ikkje for låge.

— Det er nokon som kallar det ein turistfelle?

— Nei, dette er himmelen og ikkje ein turistfelle. Eg kjem gjerne tilbake hit.

Det er likevel dei aller færraste som faktisk kjøpar noko som helst på Fisketorget. For Fisketorget er jo ikkje berre ein marknadsplass, men eit gratis fiskemuseum.

— Å vere her er ei veldig fin oppleving, og dei gir vekk mykje smaksprøvar her utan å pushe deg til å kjøpe, seier Cheryl Hodge frå England.

— Prisane er veldig høge her, så me vil nok ikkje kjøpe noko. Det er betre å kome og få gratisprøvar, seier ektemannen Steven.

Det er andre gong dei vitjar Bergen og Fisketorget, og dei kjem gjerne tilbake.

Her kan du stemme på dei største turistfellene i Bergen.

Trond Blindheim kåra Fisketorget til Noregs største turistfelle.
RUNE SÆVIG