— Eg lever godt med vedtaket som fylkesutvalet gjorde torsdag, seier John Skogseth til Bergens Tidende.

Og endå vedtok fleirtalet, KrF, H og Frp, ein tunnel som kostar 40 millionar kro-ner meir enn den som Skogseth og Jon-dal kommune ønskjer seg, 549 millionar for 1. byggjesteg mot 508 for det vegvalet Skogseth går inn for.

Men Skogseth sit med trumfkortet.

— Det er Jondal kommune som skal vedta reguleringsplanen, og formannskapet har samla seg om den billegaste løysinga med tunnel ut mot Torsnes, seier John Skogseth.

Billegast totalpakke

Fylkeskommunen, og vegvesenet med, kan sjølvsagt fremja motsegn, men truleg er det ikkje.

— Vi skal ha svært gode grunnar om vi skal fremja motsegn mot ein lokalt vedteken reguleringsplan, seier Terje Søviknes, som er Frp sin gruppeleiar i fylkesutvalet.

— Når vi gjekk inn for ein lengre og dyrare tunnel, så var det fordi vår løysing var billegast med full utbygging, 672 millionar kroner, mot 756 millionar kroner for full utbygging av løysinga som Jondal kommune vil ha. Eg personleg trur Stortinget vil leggja avgjerande vekt på kor dyr den totale pakken vert når Jondalstunnelen skal handsamast i haust, seier Søviknes.

Men for Skogseth er problemstillinga enkel:

— Det er tunnelen vi må ha, slik av vi får vegutløysing. Så får det andre koma etter kvart. Skogseth fekk heilhjarta støtte for dette synet i uttalen frå Hardangerrådet, som vart delt ut då møtet i fylkesutvalet tok til.

Kva gjer Kvinnherad?

Også på sørsida, i Nordrepollen, som høyrer til Kvinnherad, kan kommunen gå på tvers at tilrådinga frå fylket. Heile fylkesutvalet vil ha veg i dagen gjennom Nordrepollen, men ordførar Bjarne Berge har tidlegare sagt til BT at han vil spara Nordrepollen for vegbygging. Det betyr 40 millionar meir i tunnel.

Men Sps Bente Bondhus, som er frå Kvinnherad, gjekk sterkt inn for veg gjennom Nordrepollen i samferdsleutvalet.

— Og eg trur heilt sikkert at kommunestyret i Kvinnherad vil gå for den vegen, seier Jan Koløy, Frp, også han frå Kvinnherad.

Resultatet må vi venta på, for Statens vegvesen har enno ikkje sendt frå seg framlegga til reguleringsplanar for dei ulike vegvala.