HILDE KRISTIN STRAND

IRINA LEE

— Raketten vart observert av folk på Os-side, og politiet fekk melding klokka 22, seier Ragnar Lyssand, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Det har ikkje vorte registrert noko nødmelding i området. Vêret er bra på staden.

— Me hadde eit helikopter på sjukeoppdrag i området. Dette brukar me no for å søka, seier Lyssand.

Søket vart avslutta ved midnatt.

— Det er veldig trasig at folk gjer slikt, dersom dei ikkje er i fare. Det set i gang eit stort apparat unødig, men vi må sjekke ut saka før vi kan avslutte søket, seier redningsleiar Ola Vaage ved Hovedredningssentralen for Sør-Norge.