Det både bles og regnar i det me legg frå Fonnes kai. Matros Lars Hellandsjø har teke inn fenderane, og saman med Bjørn Håkon Rasch og Jarle Haugsvær tek me ein tur på Fensfjorden.

— Lars gjer det han får beskjed om, han både køyrer og fortøyer, smiler skipsførar Rasch.

Sjølv om matrosen no får ein travel kvardag, vil han halda fram med å ta vakter på skøyta. Men berre som matros, han likar helst at nokre andre har skipsførarjobben. I tillegg er han leiar for sjøredningsselskapet i Gulen og Solund.

— Eg har tru på ein president som har vore ute og jobba og som har erfaring frå å driva ei redningsskøyte, seier Rasch.

- Utan medievirak

Det er berre å slå det fast med ein gong: Den ferske redningsselskap-presidenten likar seg mykje betre om bord i redningsskøyta enn i media sitt søkjelys.

— Eg greier meg utan medieviraken, seier den ferske presidenten sjølv, og fortel at media byrja å ringja i 16.30-tida laurdag.

I løpet av kvelden dumpa det òg inn eit par hundre tekstmeldingar. Sjølv reiste han ikkje til Gardermoen der det ekstraordinære landsmøtet i Redningsselskapet.

— Eg såg ingen grunn til å vera der, og så sparte eg Redningsselskapet for dei pengane seier han med eit smil, men understrekar at å vera nøktern, jordnær og audmjuk vert viktig for han når han no skal overta presidentvervet etter Magnus Stangeland.

Isbadar kvar fredag

Den første viktige oppgåva vert å finna ein ny generalsekretær.

  • Eg har fått med meg eit flott styre. Eg snakka med alle i løpet av søndagen, og eg trur det er ein fordel at ingen dei har hatt sentrale verv i selskapet før. Det lovar òg bra at dei er kjende med sjøen, seier Hellandsjø.

Medan landsmøtet samlast på Gardermoen fredag, låg den ferske presidenten og duppa i iskaldt sjøvatn. Kvar onsdag og fredag samlast nemleg ein kameratgjeng for isbading. Den same gjengen kom på besøk til Hellandsjø laurdag kveld og song ei nylaga utgåve av «Skomværsvalsen».

— Då kjem det store spørsmålet: brukar de redningsvest?

— Me er godt sikra, med vesta-bøye på land og ein lege med i gjengen. Og me badar aldri åleine, smiler president Hellandsjø.

TRIVST BEST OM BORD: Lars Hellandsjø er ikkje glad i stillingstitlar og store ord. Han likar seg best om bord i redningsskøyta, og som fersk presidentønskjer han å fokusera på det som han ser på som viktigast i Redningsselskapet: Å redda liv.
TORE THORSEN, BTV