— Nå kan også dei gjerrigaste få oppleve fastlandet.

Slik avslutta statssekretær i Samferdselsdepartementet, Geir Pollestad, markeringa i Sunnhordland no i formiddag. Til latter frå dei som med pomp og prakt ville markere at 12 års nedbetaling av Trekantsambandet no er over.

Kjendisfaktoren var høg og humøret på topp då stortingsrepresentantar, vegsjefar, ein statssekretær, ordførarar, rådmenn og folk flest var på Føyno for å feire at nedbetalinga av vegprosjektet som binder Sveio og Stord saman nå er unnagjort.

1,6 MILLIARDAR: 21 millionar køyretøy har til saman betalt 1,6 milliardar i bompengar her på bomstasjonen på Føyno i Trekantsambandet. I dag klokka ti er det slutt.
LENA VERMEDAL

Mange var dei som ville på talarstolen i regnet, godorda var endå fleire — og smila gjekk i alle retningar.

Første gratisbilist

Tilfreds var også mannen som i 2001 var den første til å betale seg gjennom Trekantsambandet. Morten Reiersen frå Sveio hugsar godt den siste vårdagen i april for 12 år sidan.

Men han er enno meir tilfreds med dagen i dag.

— Viktigast av alt var det å få Trekantsambandet. Det har gjort det fantastisk mykje lettare å bevege seg rundt i regionen. Og ikkje minst har det vore tidsbesparande. Men generelt er eg skeptisk til bompengar, og dette sambandet har vore dyrt å bruke, meiner Reiersen.

Han er spent på korleis trafikken mellom Nord-Rogaland og Sunnhordland no endrar seg, i og med at all kjøring i tunnel og over bru mot Stord no er gratis.

— Det forundrar meg mye om ikkje trafikken aukar.

Også forbipasserande bilistar, og ikkje minst sjåførar i tungtransportnæringa, visste å markere gratispasseringa i Trekantsambandet. Det danna seg lange køar da markeringa fant stad på Føyno, men så fort gratissignalet kom var det på med fløytene.

Spede pip frå små SUV-er, tung bassklang frå gutane med caps og tresko inne i gedigne vogntog. Ingen avgift lenger var verdt å markere.

1,6 milliardar

30. april er ein merkedag for Sunnhordland. I løpet av 12 år har 21 millionar køyretøy betalt til saman 1,6 milliarder ved bomstasjonen på Føyno, og no er Trekantsambandet nedbetalt. Klokka 10 i dag blir det for første gong gratis å passera fjorden mellom Stord og Sveio.

Ein som har grunn til å smila ekstra bredt, er styreleiar Pål Kårbø i Sunnhordland bru- og tunnelselskap.

SLEPP BOMPENGAR: Frå og med i dag blir reisa mellom Bergen og Stavanger 270 kroner billegare for Inge Nerhus.
LENA VERMEDAL

— Me gjekk ut og spurte om ein bompengedugnad på 15 år. Då er det kjekt at me klarte det på tolv år. Det skal bilistane ha all ære for, seier Kårbø.

Inge Nerhøs frå Ørsta køyrer Trekantsambandet to gonger i veka på transportetappen mellom Bergen og Stavanger.

— Det betyr ikkje stort for meg, men for sjefen betyr det svært mykje. Det er han som betaler bompengane, seier Nerhus.

Frå i dag blir reisa 270 kroner billegare for sjåføren i Bøstrand Transport.

— Det er nok av bomstasjonar heile vegen. Berre frå Bergen til Stavanger må me ut med nesten 500 kroner, seier Nerhus.

Fekk ideen i ferjekø

— Det er ein stor dag. Det er mykje me i Sunnhordland ikkje ville fått til utan Trekantsambandet, seier Liv Kari Eskeland (H), ordførar på Stord og leiar av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Ho nemner næringsutvikling, felles bu- og arbeidsmarknad og ikkje minst regionalt samarbeid innan høgskule, helse-, politi- og brannetatar.

— Alle har me profittert stort på å kunne reisa saumlaust utan ferjer mellom Stord, Sveio og Bømlo, seier ordføraren, som forventar at dette vil forsterka seg ytterlegare no som bompengar ikkje lenger ei hindring for jobbpendling, kultur- og fritidsreiser.

Det starta med strekar på ein serviett. Hausten 1984 heldt sivilingeniør Kjell Arne Møklebust på Stord på med å byggja hytte på Hovden. Å venta fire timar i ferjekø på veg heim blei i meste laget.

— Det var desse evinnelege ferjekøane som gjorde at eg begynte å tenkja kreativt, minnest Møklebust, som teikna dei første skissene til sambandet.

At ideen var god, syner den raske byggjestarten og nedbetalinga av bompengar før tida, meiner mannen som i dag er leiar i rådgjevings-selskapet Akvator.

— Trekantsambandet har vore ein suksess. No må me berre få neste prosjekt på plass. Fastlandssamband nordover til Bergen vil gje same, om ikkje større, effekt, seier Møklebust.