Ved midnatt natt til måndag startar nemleg hjortejaktsesongen. Og sjansane for at det blir skote fleire dyr enn dei to føregåande åra, er ganske stor.

— Vi har bak oss ein mild vinter som truleg er ein av dei beste for hjortebestanden gjennom tidene, i alle fall på mange år. Saman med ein varm vår og endå varmare sommar har forholda for kollene og kalvane vore usedvanleg gode, seier Jomar Ragnhildstveit, rådgjevar i viltforvaltninga i Hordaland fylkeskommune.

Jaktsesongen varer fram til 23. desember, og den samla kvoten for kommunane i Hordaland er i år på 9734 dyr, ifølgje Hjorteviltregisteret. I fjor vart det felt 7815 dyr i fylket.

Nedgang i bestanden

Heilt frå 1960-talet og framover mot 2009/2010 var bestanden av det vestlandske storviltdyret i sterkt vekst. Dei siste åra har bestanden flata ut og jamvel gått litt ned. Det viser også att på statistikken over felte dyr.

— Personleg trur eg ikkje bestanden er gått ytterlegare ned. Mitt tips er at det blir felt omtrent like mange dyr i år som i fjor, kanskje litt fleire, mykje grunna det omtala vêret, seier Ragnhildstveit.

Hjortekommune nr. 1

Kvinnherad er landets største hjortekommune.

I fjor vart det felt godt over 1000 dyr i kommunen, fellingsløyvet i år er på 1436 dyr.

— Jakta i fjor var veldig varierande, fellingsprosenten varierte frå 32 til nærmare 90 prosent mellom dei ulike valda, seier viltforvaltar og jaktveteran Leiv Trygve Varanes i Kvinnherad.

Difor er det gjort endringar i minstearealet nokre stader, mellom anna i Mauranger-området.

— Kva trur du om årets jakt?

— Det er alltid vanskeleg å spå. Når vi kjem eit stykke ut i jaktperioden, får vi ein betre peikepinn på korleis bestanden er og korleis jakta vil utvikla seg vidare. Eg ser ikkje bort frå at det blir om lag som i fjor.

— Skal du jakta sjølv?

— Naturlegvis, for det meste på heimebøen på Utåker, der vi har Giskafjell hjortevald.

— Kor mange dyr har du på samvitet?

— Eg har nok passert 100, seier Varanes.