Ulukkesfartøyet MS «Starkad» ligg framleis og flyt med botnen i vêret ved Fitjar Mekaniske Verksted. Men i løpet av torsdagen vil det bli gjort forsøk på å snu den havarerte taubåten, får Bergens Tidende opplyst hos forsikringsselskapet Fender Marine i Bergen.

Statens havarikommisjon for sjøfart har gjennomført ei rekkje intervju etter dødsulukka laurdag, der den 55 år gamle kapteinen Kåre Magnar Alvsvåg omkom. To mann frå kommisjonen har gjort undersøkingar hos Sjøfartsdirektoratet i Haugesund, og har samtalt blant anna med mannen som overlevde havariet og med representantar for reiarlaget BK Marine på Stord.

Trosse tverrskips

På Sørlandet har andre kommisjonsmedlemmer intervjua mannskapet på Farsund Førtøyningstjeneste sin slepebåt MS «FFS Atlas». Farsund-båten var i ferd med å avslutta slepet av eit fiskebåtskrog frå Polen til Fitjar då den mindre taubåten «Starkad» skulle assistera med å buksera skroget til kai.

Ut frå vitneutsegn er det kjent at «Starkad» fekk slepetrossa frå fiskebåtskroget tverrskips før han brått blei dregen rundt sidelengs, men årsaka til at taubåten hamna på tvers er ukjent.

— Historisk er problemet med slepetrosse på tvers velkjent, men ulukker som dette skjer ikkje ofte, seier havariinspektør Trond Evensen.

Analysera fakta

Skipperen på «Starkad» blei fanga inne i styrehuset og omkom då båten gjekk rundt. Mannen som overlevde arbeidde ute på dekk og blei berga frå det kvelva skroget av lokale fiskarar som kom til. Ulukka skjedde i relativt sterk vind utanfor Fitjar Mekaniske Verksted litt før klokka 11 laurdag.

— Vi veit ein del om sjølve hendingsforløpet. Men det er altfor tidleg å seia noko om årsakene til at det skjedde. Gjennom samtalar med involverte har vi fått masse sentral informasjon, så får vi analysera fakta etter kvart, seier Trond Evensen.

Politiet etterforskar ulukka parallelt med havarikommisjonens undersøkingar. Når havaristen er snudd, er begge partar blant anna interesserte i om elektroniske spor frå brua kan gje ein nærmare forklaring på kvifor ulukka skjedde.