Eventyret Opera Nordfjord vil ingen ende ta. I åtte år har dei lokka folk frå fjøset til operaen, gjort finkultur til folkekultur. 25.000 selde billettar i ei bygd med knappe 6000 innbyggjarar. No manglar dei berre eit operahus. Ei storstove for kultur. Og storstova kjem. Det er eldsjela som fekk fart i heile operafenomenet overtydd om.

— Vi er nøydde til å tru på det no. Og den dagen huset kjem, vil det vere julekveld, konfirmasjon og bryllaup på same tid, seier Kari Standal Pavelich, administrativ leiar for Opera Nordfjord.

Eid kommune går inn med 20 millionar kroner, fylkeskommunen og lokale sponsorkrefter skal skyte inn fem millionar kvar. Dei siste 20 millionane må kome som tilskot frå statleg hald. Opera Nordfjord ventar på endelege løyvingar, slik at reknestykket går opp og finansieringa er i hamn for operahuset på Eid. Målet er at huset skal stå ferdig i 2008, samstundes med operaen i Bjørvika i Oslo.

— Kulturkomiteen på Stortinget har gjeve positive signal, med unntak av Frp, og tilrår at regjeringa løyver 20 millionar kroner til prosjektet. No ventar vi på ei innkalling til kulturdepartementet. Vi håpar på ein time med leiinga der til å presentere planane, fortel operasjefen.

Ut til verda

Ho blar i ei lekker brosjyre. Held den stolt fram. Det er medlemsbladet til Metropolitan Opera i New York. Over ei heilsides annonse blir Nordfjord International Opera Workshop presentert. Til sommaren kjem stjernene til bygda. To veker i juli vil dei setje farge på Nordfjord. Sopranen Elizabeth Norberg-Schulz, samt fleire lærekrefter i verdsklasse. Det, kombinert med det eksotiske i Nordfjord-naturen, skal lokke talentfulle operaspirer frå heile Europa, ja, kvifor ikkje heile verda, til Eid for å lære og bli inspirert.

— Vi skal ha topp kvalitet, og samstundes gje dei som kjem hit ei personleg oppleving, påpeikar Kari Standal Pavelich. Ho framhevar at det skal syde og koke i bygda desse vekene.

— Dette kjem til å setje regionen vår på kartet, meiner operasjefen.

Kollektivt løft

Heile bygda kjenner eigarskap til operaen. Regionen Nordfjord er med. Og Sogn og Fjordane fylke står bak. Ei levande dugnadsånd og proffe aktørar. Bønder og advokatar, legar og reinhaldsarbeidarar, alle løfter i flokk. Alle er like viktige. Og folk står nærast i kø for å vere med. Det er dette samspelet som er grunnlaget for suksessen. 140 frivillige bidreg kvart år til operaen. Operaen engasjerer mannskoret og barn og ungdom i kor og dans.

— Opera Nordfjord vil alltid vere tufta på ei stor grad av frivillig arbeid, slår Standal Pavelich fast.

Det var ho som starta heile eventyret, fekk den ville ideen om ein opera i Nordfjord. Fiolinisten sat i orkestergrava under ei framsyning av «La Bohème» i Kristiansund i 1996. Ho sat der og kjende på lukta av hårspray, vindpusten frå teppet som gjekk opp. Magien frå scena. Alt det sanselige ved ein opera.

Der og då bestemte ho seg.

Operamamma

Seksbarnsmora blei operamammaen.

Dette skulle dei få til på Nordfjordeid. Så fekk ho kommunale nøkkelpersonar med seg. Gav blaffen i bygdedyret. Hadde klippetru på suksess. Saman med mannen Michael Pavelich, han som er operadirigent og kunstnarleg ansvarleg, drog ho det heile i gang. «Flaggermusen» vart sett opp, Opera Nordfjord var på vengjene i 1998. Folket frelst frå fyrste stund. I åtte år har ekteparet jobba dag og natt for at fjordingane skal få sitt kulturelle høgdepunkt kvar haust.

Kari Standal Pavelich er seksbarnsmor, fiolinlærar, dirigerer gospelkor for barn. Ho er ein type eldsjel som aldri brenn ut.

— Utbrend? Nei, ikkje så lenge det eg held på med er så lystbetont, seier ho.

I dag er Opera Nordfjord blitt merkevare. Kari Standal Pavelich blir hyra inn for å snakka om korleis kultur kan brukast til merkevarebygging. Eid er blitt kulturkommunen. Næringslivet, handel og reiseliv, merkar ringverknadene. Opera Nordfjord er til dømes den største lokale leverandøren av gjester til hotellet. Operaen har kjøpt ca. 4000 overnattingsdøgn på Nordfjord Hotell i løpet av dei åra operaen har eksistert. Berre ein hovudproduksjon gjev 350 gjestedøgn.

Ein vidgjeten sal

Attende til det planlagde operahuset. Samspel er gjennomgangsmelodien også her. Storstova for operaen skal samlokaliserast med Eid vidaregåande skule, som skal integrere salen i undervisning. Operaen og skulen skal samarbeide, blant anna om kulisseproduksjon i fyrste omgang. Og etter kvart innan kostyme, sminke og lyssetjing.

Operaen har for lengst vakse ut av sal og scene i aulaen på Folkehøgskulen. Opera Nordfjord er heilt avhengig av ein ny sal for å utvikle seg. Kari Standal Pavelich håpar konsertsalen kan bli eit kunstnarisk landemerke i Nordfjord. Salen skal ha opp mot 550 sitjeplassar.

— Akustikken blir viktig, det skal bli ein sal som kan trekkje store kunstnarar til bygda, alt frå Leif Ove Andsnes, pop- og rockegrupper til Bergen Filharmoniske Orkester. Ein sal som er vidgjeten, den beste salen mellom Bergen og Trondheim, seier Kari Standal Pavelich.

ODDLEIV APNESETH