- Det viktigaste er å minne folk om at også her i Bergen budde det personar som vart utsette for industrielt massedrap under 2. verdskrig, seier Gunnar Wiederstrøm, ein av initiativtakarane.

Ein stein vert lagt ned for kvar person utanfor staden der vedkommande budde fram til dei vart deportert og drepne. På kvar stein er det ei massingplate med namn, levetid og ei kort påskrift. Steinane vert lagt ned som brusteinar i gata. Namnet snublesteinar kjem frå det tyske namnet på steinane, som er "stolpersteine".

- Dette handlar om å gje namn til den enkelte. På den måten blir det noko meir enn eit nummer i rekka. Det blir ein person som har levd ein stad og vore ein del av eit lokalsamfunn, i dette tilfellet vårt lokalsamfunn her på Møhlenpris, seier Wiederstrøm

Forfølgd i Bergen

Initiativet i Bergen er ein del av eit internasjonalt prosjekt sett i gang i 1993 av den tyske kunstnaren Gunter Demni­g for å minnast jødar og andre som vart forfølgde og drepne av nazistane. Til no er det lagt ned over 40.000 steinar i ulike land.

NETT_snublestein.jpg

- Ikkje berre jødar vart utsett for massedrap. Særleg sigøynarane var ei forfølgd folkegruppe, men jødane var dei tyske nazistane sin hovudfiende, dei som nazistane gav ansvaret for alt som var gale i Europa, seier Wiederstrøm

I Norge er det først og fremst jødiske skjebnar som minnast gjennom snublesteinar.

- I denne omgang markerer vi ti jødar som vi veit budde på Møhlenpris då dei vart arrestert og deportert den 26. november i 1942. Alle ti vart drepne i konsentrasjonsleirar. Kvinner, barn og eldre vart sendt direkte i gasskammer. Berre eit par av desse ti vart ikkje drepne umiddel­bart. Dei vart drepne etter ei tid i konsentrasjonsleir, fortel Wiederstrøm.

Årlege markeringar

I Bergen vert deporteringa av jødar markert med årlege fakkel­tog den 26. november. Komiteen bak fakkeltoget er også initiativtakar til å få lagt ned snuble­steinar i Bergen.

- Vi har markert denne hendin­ga den 26. november kvart år i tjue år. Fakkeltoget har gått frå adresse til adresse der jødane budde.

I samband med arrangementet for halvanna år sidan retta 26. november-komiteen eit spørsmål til Bergen kommu­ne om støtte til å få lagt ned snuble­steinar i Bergen, og fekk positive tilbakemeldingar frå det dåverande byrådet.

- Vi er svært takksame for at Bergen kommune støttar dette prosjektet, seier Wiederstrøm.

Hugse ved namn

Bergen er ein av fleire byar i Norge som tek del i det internasjonale prosjektet. Jødisk museum i Oslo koordinerer prosjektet på nasjonalt plan.

- Målet er å få lagt ned snuble­steinar for alle jødiske ofre for Holocaust i Norge, seier Anita Christensen ved Jødisk museum i Oslo.

134 snublesteinar er allereie lagt ned i Oslo, Trondheim, Elverum, Larvik, Stavanger, Haugesund og Mosjøen. I løpet av juni i år vert det lagt ned 102 nye snublesteinar, fordelt på Oslo, Hønefoss, Hurum, Tønsberg, Skien, Bergen, Trondheim, Narvik, Harstad og Tromsø.

- Ved at steinen leggjast der den enkelte levde eller jobba, vert historia om personen ein del av lokal og nasjonal historie, seier Christensen.