Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) har sendt ut flaumvarsel for søndag i Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden. Dessutan melder NGI om auka fare for jordras.

Fare for snøras

– Det er stor snøskredfare i fjellet på heile Vestlandet på grunn av mykje snø og sterk vind i fjellet, seier Anders Sivle, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Mildvêr og store nedbørsmengder frå i natt og utover søndagen vil føre til stor auke i vassføringa. I løpet av helga er vassføringa venta å kome opp på nivå opp mot femårsflaum, melder NVE.

– Det er venta 60-70 millimeter nedbør i løpet av dei neste 24 timane, verst blir det i natt og i morgon tidleg, seier Sivle.

Ruskever i vest

NVE ber folk vere merksame på at is og snø kan tette avløpsvegar og gje lokale oversvømmingar.

Til trass for at flaumvarselet gjeld Sogn og Fjordane, slepp ikkje Hordaland unna uveret.

– Det kjem ein god del regn her også. I Bergen blir det ein dårleg dag, og verre blir det i Nordhordland, seier Sivle.

VARSLAR FLAUM: Søndag er det venta femårsflaum i Sogn og Fjordane.
PAUL SIGVE AMUNDSEN (arkiv)