EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no— Så lengje det er kuldegrader, held gjerne isproppen vatnet ute sjølv om røyret er sprukke. Ved veromslag kjem lekkasjen, sier serviceleiar Knut Lohne hos røyrleggjar Olav Grevstad A/S. Samtlege sju røyrleggjarar i bergensbedrifta sprang frå det eine frosne vassrøyret til det neste i heile går.- Det er størst problem i eldre murhus med trekkfulle kjellarar, seier Lohne, som har fleire råd til frosne huseigarar: * Få på plass ein elektrisk omn i kalde kjellarar* Hald røyra under oppsyn dersom du er i tvil om det kan bli frost* Steng av hovudstoppekrana dersom du må forlate huset* Ver ekstremt forsiktig dersom du vil prøve å tine frosne røyr med open varme. Ein svak varmepistol kan brukast, men hårfønar er sikrare. - Legg på matter Overingeniør Arne Svendsen i vass- og avløpsetaten i Bergen kommune ber folk ringje etter fagfolk dersom vatnet frys.- Dei har utstyr og kompetanse, seier Svendsen. Som forebyggjande tiltak går det an å leggje matter eller anna isolasjon på dei mest utsette stadene.- Det frys som oftast der det er trekk og der røyra går inn i huset. Isolasjonsmatter eller vanlege teppe kan hjelpe - det skal ofte ikkje så mykje til, seier Svendsen, som på grunn av brannfaren vil åtvare på det sterkaste mot bruk av open varme til tining. - Lukk døren! Sandviken Menighets barnehage var av dei med istappar i kranene i går.- Du må lukke døren! BTs utsendte er litt sein i snuen, og får klar beskjed frå ein av småttingane.- Vi må holde inne varmen. Ellers så forsvinner den ut. Og da fryser vannet, forklarer Johannes Gudolv Blakstad (4) og Tom Jack James Skjæråsen (5).Det hadde det for så vidt allereie gjort. I kjellaren stod røyrleggjar Trond Strømme og prøvde puste liv i gamle frosne røyr. Det gjekk smått.- Eg har vore her i 13 år, og har aldri opplevd dette før, seier styrar Torill Vatne Nilsen, som fekk låne toalett og vaskerom til ungane av gode grannar på Ladegården sykehjem.Johannes og Tom og dei andre 18 ungane skulle lære om ENØK og straumsparing denne veka. Kanskje ikkje heilt rette tidspunktet å lære å skru ned varmen nattestid på, men resultatet av dårleg isolering fekk dei små i det minste sjå i praksis.

LES OGSÅ: Det verste er over