KRISTINE HOLMELID

LENA VERMEDAL

— Synsing, rykte, myter og tilfeldige medieoppslag er for mange einaste informasjonskjelder om norsk skule. No får dei informasjon frå reelle data. Dette er ein merkedag for skulenorge, sa utdanningsminister Kristin Clemet då ho opna den nye nettstaden skoleporten.no i går.

Mange kritiske

Målet med nettstaden, som så langt har kosta 32,3 millionar kroner, er i følgje Clemet å gjere norsk skule betre.

— For å bli betre og for å utvikle seg, må ein først vite kvar ein står, finne styrkar og svakheitar og så gjere noko med situasjonen, seier Clemet.

Nettstaden inneheld meir enn ein million registreringar om forhold i norsk skule. Her er samla data om alle grunnskular og vidaregåande skular i landet, blant anna om ressursar, trivsel, motivasjon hos elevane, mobbing og læringsutbytte.

Her er også resultat frå nasjonale prøvar og eksamen. Skular og kommunar kan gå inn og finne informasjon om seg sjølv og korleis dei ligg an i forhold til andre.

Mange har vore kritiske til nettstaden, som dei hevdar kan brukast til å rangere og henge ut skular. Elevorganisasjonen er ein av dei som har reagert. Også lærarar har uttrykt skepsis.

— Slik Skoleporten er konstruert er den eit verktøy for å sikre kontroll, ikkje å fremje skuleutvikling. Å ha eksterne system for å utvikle skular verkar sjeldan etter føremålet, seier Mathias Hunskår Furevik, leiar i Elevaksjonen i ei pressemelding.

— Vi legg ikkje opp til rangeringar og det vil ikkje bli mogeleg å skrive ut verken ti på topplister eller ti på botn-lister, seier Clemet.

Reknar med diskusjon

Statssekretær Helge Ole Bergesen i Utdanningsdepartementet rådar foreldre til å bruke skoleporten.no aktivt.

— Bruk informasjonen her til ein dialog med rektor for å få ein betre skule, seier Bergesen.

Men førebels er nettstaden heller ukjent for mange elevar og lærarar. Fire jenter vi treff på Stord vidaregåande får lesa eit informasjonsskriv frå Utdanningsdirektoratet BT har med.

— Det er litt både og. Eigentleg er eg nysgjerrig på korleis me ligg an, seier Åsne.

— Eg fryktar at andre skal sjå ned på oss dersom me gjer det dårleg i samanlikningar mellom skular, seier Inghild Flakke.

For lærarane på lærarrommet er Skoleporten like ukjent.

— Eg har ikkje prøvd han enno, seier matematikk- og økonomilærar Per Bergesen. Han reknar med diskusjon på lærarrommet framover.

— Det blir alltid det når det kjem noko nytt frå Departementet.

Fakta/skoleporten.no

  • Nettstaden samlar informasjon om og for alle grunnskular og vidaregåande skular og for skuleeigarar som kommunar og fylkeskommunar.
  • Nettstaden inneheld meir enn ein million registreringar om forhold i norsk skule.
  • Her finn ein mellom anna resultat frå eksamen og nasjonale prøver, statistikk om tilgjengelege ressursar i skulen, elevane sin motivasjon, trivsel og mobbing.
  • Målet er at skular skal bruke nettstaden til å forbetre seg når det gjeld trvisel og læringsutbytte. Dei skal også hente tips frå andre skular til bruk på sin eigen skule.
  • Målgrupper er skuleeigarar, skuleleiing, lokale, regionale og nasjonale styresmakter, lærarar, elevar, foreldre og folk flest.
BRILLEFIN: Ingvild Flakke (frå venstre), Åsne Børve, Charleen Flatråker og Christine Sørfonn, hadde ikkje høyrt om den nyopna nettstaden Skoleporten. Dei fire, som poserer i eigenkomponerte briller, går i første klasse på formgjevingslina ved Stord vidaregåande skule.