Bergensbilistar på veg austover på E16 misser ein populær stopp ved kommunesenteret i Vaksdal.

— Vi mangla slett ikkje omsetnad, det er eine og åleine rasfaren som får oss til å avvikla, seier styrar Marlyn Hop.

Stein innimellom pumpene

Stenginga er ein konsekvens av Esso si vurdering av ein geolograpport i etterkant av raset som stengde E16 like aust for bensinstasjonen i august i fjor. Omsynet til tryggleik for tilsette og kundar gjer at oljeselskapet ikkje lenger vil ta risikoen med å halda til under det rasfarlege Hestfjellet.

For 33 år sidan sa geolog Karsten Lie til Bergens Tidende at Vestlandet har mange stader som Hestfjellet. Her kan det koma eit nytt ras i morgon, eller om hundre år.

Endra klima ser ut til å ha auka rasfaren. Steinane kjem hyppig.

— Vi fekk ein støkk i juli 2006. Då landa steinar innimellom pumpene, fortel Hop.

Knuste Shell

Største sjokket kom likevel 26. februar 1976. Då vart Shellstasjonen på nabotomta knust av eit stort steinras.

På den tida hadde Dale to bensinstasjonar tett i tett, rett ovanfor jernbanestasjonen.

Korkje Shell eller Esso tok skrekken av den dramatiske hendinga. Esso heldt fram som før, og Shell ville reisa ny bensinstasjon på same populære staden. Vaksdal bygningsråd sa nei. Arbeidstilsynet var heller ikkje særleg entusiastisk, mildt sagt. I februar 1978 anka Shell bygningsrådet sitt vedtak, men anken førde ikkje fram, og Shell er no etablert på Dalegarden, på andre sida av Beitlatunnelen.

— Esso har ingen planar om ny bensinstasjon på Dale eller i nærleiken, seier Hop.

Avvikla

Difor har tilsette fått forlata stasjonen etter kvart som dei har skaffa seg ny jobb. Av 13 tilsette var det no berre tre att på heiltid og nokre få avløysarar.

— Planen var å halda ope til utgangen av februar neste år, men vi får ikkje lenger vaktplanen til å gå i hop. Difor stengde vi i går, forklarer Hope.

PEPRA: Shellstasjonen og området rundt vart pepra av store og små steinar, også inne i smørjehallen, men Essostasjonen på nabotomta var like heil. ARKIVFOTO: KNUT OMDAL
STENGDE VEGEN: Essostasjonen unngjekk også raset som stengde E16 om kvelden 11. august 2008. ARKIVFOTO: AMUND VIKØREN