Der får dei informasjonen dei har etterlyst i nesten eitt år.

— Eg kan godt sjå at det er urimelig at dei ikkje har fått svar før no, seier seksjonsoverlege Helland.

Årsaka til av svaret kjem først no, er at Gades institutt først i februar i år sende lista til KK over dødfødte som er kremerte og skal leggast i fellesurne ved minnelunden. Dette gjaldt alle dødfødde i perioden 3. april 2001 til februar 2002. Vesle Marie døydde 26.april 2001.

— Etter kremasjon blir aska tatt vare på. Rutinen er at dødfødde som blir kremert blir lagt i minnelund ein til to gongar per år, seier Helland.

Då Kristin Skjerve kontakta KK i januar, visste ikkje KK når beskjeden frå Gades ville komme.

— Difor kunne vi heller ikkje gi svar på kvar urna ville bli plassert, seier Helland.