Statistisk sentralbyrås folketal for tredje kvartal slår fast den historiske hendinga. 1. oktober budde det 11.430 i Førde, mens det var 11.329 innbyggjarar i Flora kommune. Tre månader tidlegare leia framleis Flora med 39 innbyggjarar, men med eit jafs har altså førdianarane gått forbi florøværingane.

Ikkje minst skuldast det ein svært fruktbar haust i Førde. Eit fødselsoverskot på 39 bidreg sterkt til maktforskyvinga. I Flora blei det berre født to fleire enn det døydde.

– Vi får håpe kvinnene hos oss har termin litt seinare på året. Dei kan jo ha lagt seg ned på ei anna tid, kommenterer ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal (Ap).

Ho tar lett på at Førde no er størst i fylket, men er bekymra over at folketalet har gått ned i heimkommunen.

Flyttetala går også sterkt i Førde sin favør. Medan det flytta 250 personar til Førde i tredje kvartal, var det berre 71 som slo seg ned i Flora. Det gjev kystbyen eit flytteunderskot på heile 81 personar.

– I Florø har vi ikkje så mykje statlege arbeidsplassar å hjelpe oss med. Men vi har tru på vekst i framtida, seier ordføraren.

STØRST I SOGN OG FJORDANE: For første gang har Førde har flere innbyggere enn Florø.
Bergens Tidende