– I morgon og torsdag kan blåse opp i stiv kuling frå vest-nordvest på toppane i fjellet. Så det er ikkje så lurt leggje ut på langtur i morgendagen og torsdag, seier meteorolog Hilde Holdhus på Storm Weather Centre.

Frå laurdag blir det i tillegg mykje nedbør, og då aukar óg snøskredfaren.

Grå påske

Er det sol du er ute etter er torsdag og fredag du må ut. Meteorologane spår periodar med sol frå torsdag ettermiddag, etter ein grå onsdag.

Og så, til helga, blir det dritvêr.

– Laurdag får vi etter kvart ein god del vind frå sørvest eller vest, og det kan kome ganske mykje nedbør, seier vakthavande meteorolog Anne Haaland Simonsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vinden kan kome opp i stiv kuling i fjellet både i dag, torsdag, laurdag og søndag.

Med sønnavinden kjem òg høgare temperaturar, som gjer at nedbøren kjem som regn heilt opp til mellom 800 og 1000 meter. Det aukar òg faren for snøras.

Betre lenger aust

Dermed er solpåska slutt, for meteorologane spår nedbør, vind og gråvêr søndag og måndag òg. Rett nok med litt mindre nedbør enn laurdag.

Dei som har flykta lenger aust, til dømes til Geilo, får det noko betre.

– Det blir stor sett vind omkring vest – så då held nedbøren seg i hovudsak her hjå oss – så det blir betre dess lenger aust du kjem, seier Simonsen.

I Geilo-området vil det bli periodar med sol i dag, og fint torsdag og fredag. Men heller ikkje på austsida av vasskiljet slepp ein unna gråvêr frå laurdag, sjølv om det ikkje blir så mykje nedbør.