KNUT AAREKOL

Vi er einaste lystbåten i konvoien. Regnet høljer ned, Det er mørkt som i ein sekk. Sikten er elendig, og vindusviskarane arbeider for fullt. Losen er tydeleg nervøs. Han har roret sjølv. Eg står ved maskinregulatoren og regulerer farten ettersom han gjer beskjed. Straumen er stri, og på radioen er det heile tida ordrar til båtane. Etter to timar er vi gjennom og skal fortøya i yachthamna i St. Petersburg. Eit nytt «Njet» ventar. Men etter ein telefon til agenten vår, Vladimir, ordnar det seg og vi kan endeleg gå til ro.

Turistvandring

Dagen etter er været betre. Trygve og Gunnar dreg til byen på sightseeing. Eg held meg om bord for å ordna med vatn, diesel og prøver å finna ut kva som er feil med motoren. Den blir så alt for varm ved normal belastning. Trygve og Gunnar kjem att frå byen kl 21.30. Dei har gått heile dagen, og er sårføtte. Med føtene i kvar sin pøs med vatn, og ein liten vodka i handa, kjem dei fort til hektene igjen. Dei har vore innom St. Isac katedralen, kryssaren «Aurora» som spela ein avgjerande rolle under revulusjonen i 1917, og ei rekkje andre turistattraksjonar.

Etter tre dagars turistvandring i St. Petersburg reiser Gunnar og Trygve heim til Bergen med fly. Siste dagen i yacth— hamna ser eg eit norsk flagg på ein annan båt. Eg er nysgjerrig og tek kontakt. Det viser seg å vera «Nor Siglar». Den er eigd av ekteparet Martin Vennesla og Berit Brevik som har sigla jorda rundt i løpet av 9 år.

Dei har skreve ei bok om dette, og eg kjøper eit eksemplar med dedikasjon til «Oysan II». Laurdag 3. juli går eg til toll og emigrasjonshuset i St. Petersburg for å ordna med utreiseløyve. Det går greitt, men det tek ca. to timar. Kl 11.00 er eg på veg til Kronstad, der eg og må innom tollstasjonen for å visa pass og mannskapsliste. Kronstad er ei øy omlag to timar vest for St. Petersburg På vegen til Kronstad tek vinden seg opp, og før eg kjem inn vert det retteleg utriveleg.

Angripen av hund

I havna er det trongt om plassen, men ein venleg russar vinkar meg inn til ei flytebryggje inne bak moloen. Eg tek med meg passet og går til passkontrollen. Ei blid dame stemplar passet. Eg spør om eg kan få liggja til kl 05.00 neste morgon fordi vinden aukar og sjøen er grov. Det er OK seier ho.

På vegen ut frå passkontoret, blir eg angripen av ein hund som bit hol i buksa og leggen min. Eg klarar å kome meg unna han ved å gje han eit par spark og å gå baklengs attende til båten. Glad for å ha fått løyve til å liggja til neste morgon, tar eg ein middagslur på benken i lugaren.

Då bankar det i skutesida. Utanfor står det to uniformerte damer. Dei forlanger passet mitt. Det må eg henta på stasjonen før eg går neste morgon. Eg leverer passet og legg meg nedpå igjen. Ein halv time seinare bankar det igjen. No står det ti personar på kaien. Den same uniformerte dama opplyser at eg må dra med ein gong, fordi eg har stempla ut frå Russland. Dersom eg ikkje dreg, må eg attende til St. Petersburg og få ny opphaldstillatelse.

Trossa uværet

To marinegastar vert sette til å passa på at eg reiser. Valet er enkelt. Det er berre å trossa det kraftige uveret og gå mot Finland. Turen til Haapasari i Finland tek 13 lange timar. Eg har ei kjensle av at det går meir opp og ned enn fram. I løpet av natta dreier vinden frå vest til sør og sjøen toppar seg. «Oysan II» må tole mange harde slag på overfarten, og skipperen er redd.

I Haapasari blir eg tatt imot av ein venleg finsk tollkontrollør. Han fortel at vinden i natt har vore opp i 28 m/s som tilsvarar full storm. Han meiner det er galskap av ein så liten båt å gå i dette været. Etter denne strabasiøse turen er eg så trøytt at eg søv i 12 timar.

Måndag skal eg vestover mot Helsinki. Dette er roleg innaskjærs-seilas. Siste strekninga har eg for unøyaktige kart, og vel å gå ut i ope hav. Medan eg er i lugaren, for å laga meg litt mat, høyrer eg eit voldsomt bråk. Eg styrtar ut for eg trur det kjem frå motoren. Vel ute ser eg eit helikopter som heng over mastetoppen. Det er den finske grensevakta som kontrollerer vesle meg. Resten av turen til Helsinki går greitt.

MUSEUM: Frå skipet «Aurora» blei det avfyrt eit skot som starta revolusjonen i 1917. Skipet er i dag museum.<p/>FOTO: KNUT AAREKOL