— Dette skipet skal vinne kapproinga på elva Ouse i februar, utbasunerte høvdingen før vikingar og andre tok spenntak og sette «Njardar» i rørsle mot salt sjø.

Den smekre båten gleid elegant nedover lunnane og nærma seg sakte sitt rette element. Sjøsetjing hadde han greie på, den innleigde «frie» vikingen Arve Yndestad frå Møre. Keramikaren frå Ålesund har vikingskiprøynsle frå Sunnmøre Museum.

Båtbyggar Hans Breivoll har brukt mellom fire og fem månader på Njardar Vikinglag sitt første skip.

— Men minst ein månad er brukt til å preika med turistar, røper han overfor Bergens Tidende.

Slikt er neppe til å unngå når ein bygger eit vikingskip midt i stridaste turiststraumen, i kremen av vestnorsk fjordlandskap.

Men i går var det klart for sjøsetjing, og den første roturen på Nærøyfjorden.

— Roturar skal det bli mange av. Vi skal ro ut til Styvi og attende kvar einaste helg til isen legg seg, seier Georg Hansen, høvding i Njardar Vikinglag.

Den som tek mål av seg til å vinne kapproinga med vikingskip på Ouse under Jorvik Viking Festival i York, kan ikkje vere lemfeldig med treninga. Det skal roast hardt, og i takt.

— I utgangspunktet treng vi treng minst 30 roarar. Ikkje alle har høve til å trene i Gudvangen kvar helg og reise til England i festivaltida, resonnerer han.

Høvdingen hadde ingen problem med å rekruttere roarar eit par innbytarar til dei ti årene til jomfruturen i går.

Med båtbyggaren ved rorkulten i bakskuten, vikingar og bygdefolk ved årene, og høvdingen sjølv saman med lurblåsar i framstamnen, lystra det grasiøse skipet både ror og åretak.

Sjøsetjinga gjekk føre seg under haustsamlinga til Njardar Vikinglag i Gudvangen. Ein heil vikinglandsby er skipa bak bensinstasjonen. Sidan torsdag har gamle og unge vikingar gjenopplevd daglegliv frå farne tider, og overnatta under skinnfell eller i sovepose i telta. Skiping av Vestlandske Langbogelag står på agendaen, og det innbyr til tevling i bogeskyting. Haustsamlinga vert avrunda i dag.

TIL YORK: Smekre "Njardar" gleid elegant nedover lunnane og nærma seg sakte sitt rette element. FOTO: ARNE HOFSETH