— Vi har gambla med pengane kommunen fekk for aksjeposten i Sognekraft, sa Olav Lunden (Ap) då formannskapet fekk på bordet den nitriste avkastningen på 1,9 prosent.

I bladet Energi åtvarar direktør Odd Erik Løseth i Skandinavisk Kraftmegling kommunar mot å selja kraftaksjane sine:

— Tidspunktet for å selja no kan vera uheldig. Om nokre år kan andre kjøparar enn Statkraft kome på bana, på grunn av endringar i dei rettar som staten i dag har til heimfall av kraftverk, seier Løseth.

Men Løseth ser også risikoen for norske kommunar å sitja som eigar av kraftverk dersom kraftprisen på sikt går ned. Det vil ifølgje Løseth gi verdifall på kommunane sine kraftaksjar.

Etter sommarferien tek Leikanger ein ny politisk runde om kraftmillionane sine, som nett ikkje har yngla det første året etter at kommunen vart frista til å selja Sognekraft-biten sin.

Litt under 35 prosent av kraftproduksjonen i Norge er i dag eigd av kommunar og fylke. I dei to siste åra har andelen kommunaleigde kraftverk vore synkande. Mange kommunar har valgt å selja i trua på at det skulle få pengane til å yngle i slunkne kommunekassar.