Du bør ikkje bølle med høna til nissen. Det fekk i alle fall 13 år gamle Joakim Osland frå Førde erfare då han trefte ein kjøpesenternisse med høne sist helg.

Tok for hardt i

Saman med ein minigris og altså høna hadde nissen installert seg oppe i ei vogn på kjøpesenteret Førde Torg, og det var da 13-åringen ville sjå nærare på fjærkreet at det rann over for mannen i nissedrakta.

— Han kom bak meg, kjefta på meg og tok tak i meg. Først med eine handa, deretter med andre, slik at han tok kvelartak på meg, fortel ungguten til avisa Firda.

— Han sa eg skulle ha respekt for dyr. Bakgrunnen for episoden var at 13-åringen meinte høna ikkje såg ut som ei vanleg høne. Da han ville klappe ho, unnslapp fuglen, og han prøvde å få tak i den. 13-åringen erkjenner at han var uheldig og tok litt hardt i, men nektar for at han ville skade høna.

Fryktar for høne-psyken

— Eg er glad i dyr, seier 13-åringen til lokalavisa.

Venninna Sølvi Hestvik var også til stades da det sprakk for nissen, og påpeikar nissen overreagerte såpass at kameraten fekk eit merke på halsen etter episoden.

— Likevel skal jo ikkje ein vaksen fyr gå laus på ein 13-åring, seier ho til avisa.

Kjøpesenternisse Åsmund Eide erkjenner at han tok tak i guten og truga han på grunn av det han oppfatta som dyreplageri og frekk framferd.

Han hevdar at 13-åringen lappa til høna, og deretter lo han opp i fjeset da han reagerte.

— Eg forsvarte høna mi mot ein overgripar og ein pøbel, seier nisse Åsmnd Eide til Firda, og påpeikar at han kjører 300 show i året over heile landet utan å ha opplevd liknande.

No fryktar altså nissen at høna kan ha fått psykiske problem av episoden.