Ein nise på rundt 60 kg. hadde vikla seg fast saman med ein torsk på 7-8 kg, ein breiflabb og noko mindre fisk. — Vi er på Vågenes camping på Radøy, og ein bonde som bur like ved tok på seg og sløgja og partera nisa. No ligg kjøtet i frysen, ca. 30 kg. trur eg. Det er god mat, smakar som kvalkjøt, seier Magnar Minde.

STORFANGST: To år gamle Marita Minde Bøe var med i båten då bestefaren, Magnar Minde, drog opp nisa utanfor Vågenes camping i går.<p/> FOTO:MORTEN MINDE-BØE