Det stadfestar Nina Udnes Tronstad. Ho er Statoils prosjektdirektør for Kristin-utbygginga til 17 milliardar kroner.

Gassplattforma skal slepast ut frå Aker Stord 25.mars 2005. Ein milepæl for eit gigantisk byggeklossprosjekt med underleveransar frå Spania, Sør-Korea og Sverige.

Koreanske Samsung Heavy Industries byggjer stålskroget for knapt 500 millionar kroner, spanske Dragados Offshore stigerøyrbalkong og flammetårn (nær 300 mill. kr), svenske Pharmadule Emtunga leverer bustadkvarteret (240 mill. kr).

Aker Stord lagar dekket og syr plattforma saman for fem milliardar kroner. Prosjektet har norske underleverandørar i Halden, Moss, Oslo, Stavanger, Kristiansund, Orkanger, Trondheim og Verdal. I alt er rundt 4000 menneske for tida i arbeid med Kristin-prosjektet.

Svensk overvekt

Den største utfordringa har vore bustadkvarteret i stål og aluminium som Emtunga skal slepa til Stord til våren. Modulen er blitt fleire hundre tonn tyngre enn først rekna med.

Overvekta har medført forsterkningsarbeid på dekket hos Aker Stord, ein jobb som er sett vidare til Aker Verdal.

— Bustadkvarteret er blitt tyngre enn vi trudde fordi konseptet er gjort meir modent. Det kostar oss nokre pengar ekstra, seier Nina Udnes Tronstad.

Udnes Tronstad vil ikkje talfesta kva overvekta inneber i kilo og ekstrakostnad. Bustadkvarteret får 104 einmannslugarar.

— Aker Stord låg bak produksjonsplanen inntil tidleg i haust, men har no god framdrift. Også i Spania er vi tilbake på framdriftsplanen etter å ha vore på etterskot i lang tid, seier Kristin-sjefen.

— Dette er avanserte byggeprosjekt med store innslag av nye materialkvalitetar. Det medfører blant anna utfordringar og ekstra trening for sveisarane, seier Udnes Tronstad.

Laga for ekstreme forhold

Gassreservoaret på Kristinfeltet på Haltenbanken har svært høgt trykk (910 bar) og høg temperatur (170 grader). Kristin blir verdas første felt med undervassanlegg for slike ekstreme forhold.

— Dette set heile serviceindustrien på nye prøvar, seier boresjef Inge G. Myhre.

Kristin-prosjektet har samarbeidd tett med Kvitebjørn- og Huldra-organisasjonane. Særleg Kvitebjørn-feltet har dei samme utfordringane som Kristin når det gjeld høgt trykk og høg temperatur i reservoaret.

Det er planlagt 12 produksjonsbrønnar for Kristin.. Den første er så å seia ferdigbora av boreriggen «Scarabeo 5», 5020 meter ned i havgrunnen. Smedvig-riggen «West Alpha» supplerer «Scarabeo 5» på feltet frå desember.

I RUTE: Prosjektdirektør Nina Udnes Tronstad og boresjef Inge G. Myhre meiner å ha full kontroll med framdrifta i Kristin-prosjektet, etter visse startvanskar. Utbygginga kostar Statoil 17 milliardar kroner.<br/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR