— Om vi ser bort frå nære slektningar, er sjansen for å finne to personar med lik DNA omtrent ein på ein milliard, sa senioringeniør Bente Mevåg ved Rettsmedisinsk Institutt (RMI) då ho vitna i Fjordane tingrett i går.

For ytterlegare å understreke poenget la ho til at det i Noreg bur i overkant av 4,5 millionar menneske.

Mevåg har leia arbeidet med DNA-analysane i saka, og er av dei fremste ekspertane på arvemateriale i landet. Ho karakteriserte DNA som «livets blåkopi». Og avslutta forklaringa si med å utelukke at funna kan stamme frå andre enn 42-åringen frå Gaular:

— Dersom han ikkje har ein einegga tvilling, så stammar dette materialet frå han.

Einaste bevisa

Åtte funn på kroppen til Anne Slåtten og eitt frå bh-en er i praksis aktoratets einaste bevis i straffesaka. Alt anna som så langt har kome fram under hovudforhandlingane, er indisium.

I retten tok Mevåg ein gjennomgang av korleis RMI undersøkjer biologiske spor i kriminalsaker, før ho gjekk inn på dei konkrete funna i etterforskinga av drapet på Anne Slåtten. Førde-drapet er den første saka i landet der masseinnsamling av DNA kan gje ein fellande dom. I alt 1242 personar avla DNA-prøve, 1058 av desse blei undersøkte. I tillegg er det undersøkt 60 sporprøver frå åstaden.

Under arbeid med kriminalsaker blir det undersøkt 11 ulike område eller markørar spreidde på ulike kromosom. Funnet av DNA på Slåttens høgre bryst er identisk med prøva tiltalte avla i politiavhøyr på lensmannskontoret i Gaular. Det er full treff på alle 11 markørar. Også eitt funn på bh-en og eitt på leppene stammar heilt sikkert frå sunnfjordingen. Dette siste er ein såkalla blandingsprofil, der dei har funne treff både på 42-åringen og Anne Slåtten. Dei andre seks DNA-funna identifiserer ikkje tiltalte, men kan alle stamme frå han.

På avdøde er det ikkje funne DNA-profilar frå andre enn ho sjølv og tiltalte.

Når og korleis

Mevåg var heile tida nøye med å understreke at ho ikkje tek stilling til skuldspørsmålet, og at DNA-funn alltid må setjast inn i og vurderast i ein samanheng.

— Det spesielle med DNA er at det ikkje går an å seie noko om når og korleis det har kome dit det blir funne, forklarde ho.

Indirekte erkjente tiltalte under første dag av rettssaka at det må vere hans DNA som er på avdøde, men seier han ikkje kan hugse noko om korleis dette har skjedd.

Frå forsvararane si side blei det i går kasta fram ulike teoriar på korleis sunnfjordingens arvestoff har hamna på den døde. Som bakteppe låg at påtalemakta ikkje veit kva biologisk materiale dei har funne. Dette er ofte svært vanskeleg å fastslå. Ein test for å prøve å finne dette ut er gjort av DNA-funnet på bh-en. RMI meiner testresultatet kan indikere at det er snakk om spytt.

Urin eller oppliving?

— Kan det vere urin?, spurde forsvarar Bjarte Buanes.

— Urin ville gjort bh-en våt. Det ville også lukta av den. Det er nok teoretisk mogleg, men veldig lite sannsynleg, svarde DNA-eksperten.

— Burde det ikkje vore testa i forhold til urin, med tanke på at avdøde blei funnen berre to-tre par meter frå ein veg?

— Nei, det syns eg ikkje.

— Kan DNA-spora stamme frå eit opplivingsforsøk?

— Ja, det er mogleg, svarde Mevåg.

Den erfarne senioringeniøren understreka også at ho meiner funna som er gjort på ulike plassar på offeret, indikerer at det ikkje kan ha vore snakk om nokon tilfeldig kontakt med tiltalte.

Mevåg var eit kronvitne for aktoratet som baserer saka på DNA-spora. Aktor Jogeir Nogva trekte fram vitneforklaringa om at Anne Slåtten dusja før ho gjekk på jobb, og ville vite korleis ein dusj vil fungere på DNA-materiale på kroppen.

— Såpe og vatn fjernar det effektivt, svarde Mevåg.

KRONVITNE: Senioringeniør Bente Mevåg ved Rettsmedisinsk Institutt utelukkar at DNA-spora på åstaden kan stamme frå andre enn tiltalte. Ho meiner det ikkje kan vere snakk om nokon tilfeldig kontakt mellom offeret og tiltalte, sidan funna er så mange.