Fylkeslegen i Sogn og Fjordane er rysta over det dei har funne ut om den utanlandske legen, melder NRK.

Legen skal ha feiltolka symptom hos pasientane. No risikerer han å miste autorisasjonen som lege.

— Her er det snakk om ikkje berre å ikkje gjere jobben sin, men systematiske feilvurderingar, seier fylkeslege Per Stensland.

Legen har jobba som vikar ei rekkje stader i landet. Når helsetilsynet har fått inn rapportar, har han raskt byta jobb.

— Dette er noko av mønsteret i slike saker. Så snart tilsynsstyresmaktene tek til å snuse borti, så er legen vidare på vikarferda si, seier Stensland.

No er legen busett i utlandet.