Dei ni var på ein tre dagars snøholetur då det ekstremt dårlege været overraska dei på fjellet Svartekari i omlag 1.200 meters høgd natt til i dag.

Politiet fekk på føremiddagen melding om at dei ikkje kom seg ned igjen på grunn av sterk vind og mykje nedbør.

Helikopter måtte snu

I ettermiddag vart det slått full alarm, og Sea King-redningshelikopter tok av både frå Ørlandet og Sola med kurs for Gloppen. I tillegg deltok eit ambulansehelikopter frå Førde i redningsaksjonen.

Samstundes tok rektoren ved folkehøgskulen saka i eigne hender. Saman med ein elev la han i veg mot dei ni værfaste. Ved 17.30-tida klarte dei to fjellvante karane det redningshelikoptera ikkje greidde: Å nå fram til snøhola.

"Alt vel", skreiv rektor i tekstmelding til lensmannen i Gloppen. Han hadde med seg mat og varme klede, og politiet har no avblåst aksjonen.

Politiet opplyste tidlegare i dag at dei ni i snøhola var gjennomvåte og forfrosne, og det vart opplyst at det kunne vere fare for at snøhola skulle rase saman over turfølget. Dei ni er i alderen 16 til 20 år.

Rektor til unnsetning

Elevane var i følgje med ein lærar, og var ifølgje inspektør Odd Harald Halse ved Nordfjord Folkehøgskule både godt utstyrte og godt fjellvante.

— Desse elevane går på vår ekspedisjonslinje, og har tidlegare dette skuleåret vore på fleire fjellturar, den lengste på ti dagar, seie Halse til bt.no.

Halse var ikkje kjent med den storstila redningsaksjonen som vart igangsett utpå dagen. Han meiner følget er i stand til å takle situasjonen, og er utstyrt til å klare ei ny natt i fjellet. At snøhola skulle vere ustabil hadde han ikkje kjennskap til.

REDNINGSMANN: Hallgeir Hansen fann dei ni, frosne elevane saman med ein medelev frå Nordfjord folkehøgskule. <br/>Foto: Nordfjord Folkehøgskule