I Hordaland vil 96 prosent av alle 16-åringane få plass ved det første kursønsket sitt, noko som er det høgste talet etter første inntaksomgang nokon gong. Det går fram av ei pressemelding frå Hordaland Fylkeskommune i dag.

Viss ein tar med alle som har formell opplæringsrett, som blir kalla ungdomsrett, viser tala at nesten ni av ti søkjarar kjem inn på det første kursønsket sitt.

Fylkeskommunen har framleis ikkje oversikt over kor mange som har kome inn på det første skuleønsket sitt.

Nytt av året er at søkjarane blir varsla på sms om at første inntaksomgang er ferdig. Du kan også sjekka inntaksresultatet ditt og svara ja eller nei til plassen her: www.vigo.no Svarfristen går ut 23. juli klokka 23.59.

Inntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland omfattar 46 skular og 17970 elevplassar.

Fekk du skuleplass der du ville? Skriv eit innlegg her.