Med falskt førehandssal av Jiwestone sine varer — direkteimporterte gitarar og forsterkarar - på nettauksjonen QXL har svindlaren påført firmaet eit tap på 100.000 kroner, opplyser dagleg leiar Jørn Inge Warberg til avisa Kvinnheringen.

Det europeiske nettauksjonsfirmaet QXL opplyser til avisa at det er uråd å driva kontroll med alle dei 40.000 annonsørane til nettfirmaet.

Ifølgje politiet kan det vera tale om ein person som stadig skiftar namn og som svindlar firma etter firma på nettet.