ASBJØRN KRISTOFFERSENARNE NILSEN (foto)

Strilemålet er på retur og i endring, berre dei mest standhaftige kan måla seg med Sotra-tøttene og Nordhordland-drengjene i «Singel og sand», ekstra gode rulle-r-ar og saftige ord.

I femtiåra var det enno letthøyrde dialektgrenser, ikkje berre mellom byen og omlandet, men også mellom øyar og grender og bydelar. Knapt nokon stad her til lands har det vore så store dialektskilnader mellom by og omland som det var mellom Bergen og strilelandet. Ikkje berre i språk, også i klesdrakt skilde strilane seg ut, like inn i mellomkrigstida. Standhaftige og stridige pukka dei på sitt, verre enn dei vrangaste innvandrarar. Når sant skal seiast kunne strilehetsen vera tilsvarande skarp som dialekt— og klesdraktgrensene.

I ferd med å forsvinna

Byutviklinga i etterkrigstida og det store hamskiftet i næringslivet er den tydelegaste årsaka til endringane i strilekulturen. Mest heile strilelandet har kome innanfor pendleavstand til Bergen. Drabantbyane og byggjefelta har est utover, og innflyttarane har gjerne teke bymålet med seg. Mange av dei innfødde har lete seg språkleg påverka. I det næraste omlandet til Bergen er striledialektane i ferd med å forsvinna.

Men språkendringane er ikkje eintydige. Sjølv om dialektane endrar seg, både i by og på land, og blir mindre særprega, er det framleis mange som vel å halda seg til strilemålet.

Reidunn Hernes, som forskar på dialektendringar, ser mange ulike tendensar i språkbruken, eit slags kaos meir enn ei eintydig utvikling. I doktorgradsarbeidet sitt har ho teke for seg ein skuleklasse med 17-åringar i Os kommune, og følgt deira språklege utvikling frå 1995 til 1997.

Fleirtalet endra talespråket

Dei mønstra ho ser skriv seg mest frå påverknaden heimefrå. Der båe foreldra er innfødde osingar, er hovudtendensen at barna brukar os-dialekten. Når båe foreldra er innflyttarar, brukar barna helst bymålet. Men heller ikkje desse hovudtendensane er eintydige. Når foreldra brukar ulike dialektar, er det spesielt usikkert kva språk barna brukar.

I 1997, åtte år etter at Reidunn Hernes første gong var i kontakt med skuleklassen i Os, viste det seg at dialektmønsteret hadde halde seg nok nokolunde uendra hos om lag ein tredjedel av informantane. Fleirtalet hadde endra talespråket, men endringane skjedde i båe retningar, til meir uttala Os-dialekt eller til meir tydeleg Bergens-dialekt.

Stridige strilar

— Fleire av dei eg har vore i kontakt med er opptekne av å halda på osmålet. Det er eit slags ideal for desse at det er viktig å halda på dialekten, seier ho.

Nett som for Salhusvinskvetten: Hadla på målet!

Framleis finst det standhaftige og stridige strilar, ikkje berre på revyscenene. Sjølv om dagens strilar ikkje skil seg ut i klesdrakta og sjølv om dialektane er mindre særprega enn dei var i oldemors tid, er strilemålet liv laga. Det smell i veggene, det smeltar på tunga, det gjev klar melding om kvar det kjem frå.

SUPERSTRIL: Yvonne Algrøy, Cato Jensen og Helga Golten (til høgre) snakkar stril slik bestemor og bestefar gjorde det.