Igjen lyser det frå vindauga i skulehuset på Hersvik i Solund, der skuleklokka ringte ut siste elev i 1998. Regnet piskar mot malingslite treverk på det 2,5 etasjers skulebygget. Ein mager, lyshåra fyr kjem ut på skuleplassen for å ta imot. I saggebukser, basketsko og t-shirt framstår ikkje Lars Sture som den typiske fiskarbonden.

Det er nye tider i skulehuset på Hersvik.

Ikkje Solund som marknad

Lars Sture har dei siste 20 åra etablert seg og arbeidd som kunstnar i utlandet. Mesteparten av tida har basen vore London, men han har også hatt lengre periodar i Milano og Berlin. Sture jobbar med skulpturar og installasjonar, og har ei lang rekke utstillingar i inn— og utland på samvitet.

Sakførarsonen frå Måløy tok Kunst- og handverksskulen i Oslo tidleg på 80-talet. Sidan flytta han til London, der han har budd i totalt 17 år.

— Da eg var yngre, var det utenkeleg for meg å busetje meg i heimfylket. Men etterkvart ser eg at det går an å bu her i Sogn og Fjordane samtidig som eg ikkje må gje slepp på karrieren og det faglege nettverket.

Frå Milano til Hersvik

For Sture har merka seg at det faktisk er i ferd med å skje ting i fjordfylket. Ein ting er at kommunikasjonane er revolusjonert på fleire plan. Ein annan er at også andre spennande aktørar innan kunst og design har eller er i ferd med å etablere seg i distriktet.

I tillegg kjem institusjonar som det nordiske kunstnarsenteret på Dalsåsen i Fjaler, der Sture sjølv hospiterte for nokre år tilbake. Det var der den byrja å spire i han, tanken på at det faktisk var mogeleg å vende tilbake til Norge og Vestlandet.

— Eg ser at eg kan halde kontakt med folk via nettet. I tillegg skal eg invitere kollegar hit, og eg skal reise ein god del sjølv. Min marknad er jo ikkje i Solund, så eg må berre reise ein god del. Om eg reiser frå Milano om morgonen, er eg her på Hersvik tidleg på ettermiddagen, seier Sture.

På reisefot

Det var i fjor at Sture kjøpte det nedlagte skulehuset og meldte overgang til grenda Hersvik (drygt 20 innb.) i øykommunen Solund (under 900 innb.) aller lengst vest på norgeskartet.

Vi har stengt ute været, og går inn i eit ustllingslokale med kvite vegger, berre ribbeveggene røpar at vi er i den gamle gymsalen.

Arbeidet til den britiske gjesteutstillaren Leo - ein lang, værbitt trestokk - står enno i lokalet. Utstillinga opna sist helg, blant anna med støtte frå The British Counsil.

— Eg kjem ikkje til å bu her heile året gjennom, men dette er plassen der eg kjem til å bu flest dagar i løpet av året, seier Sture.

Snart reiser han ut for å arbeide, i alle fall nokre månader no i vinter. Halde kontakten med vener og kollegar i miljøet, hente inn det som trengs for å komme vidare.

Hospiterande kollegar

— Dette blir plassen der eg skal sette ideane ut i livet, der eg skal gjere det praktiske arbeidet, seier han og slår ut med hendene.

Etasjen over blir bustad, og loftet skal etterkvart innreiast med hyblar for hospiterande kunstnarkollegar og vener.

Skulehuset har to etasjar pluss loft, og er på rundt fem hundre kvadratmeter. I atelieret og utstillingslokalet i første står framleis utstillinga til den britiske kunstnaren, og har dei siste dagane gjort nytta som vallokale for innbyggarane i Hersvik.

— Dei to opningsdagane var det over hundre lokale folk innom. No kan jo resten av folket få med seg utstillinga samtidig som dei gjer borgarplikta si, smiler Lars.

Kjenner dei sosiale kodane

Han kjenner seg godt mottatt i bygda, og trur at folk set pris på at skulehuset blir brukt og ikkje står tomt året rundt.

— Eg er jo på trakter som liknar på der eg vaks opp. Dermed kjenner eg lynnet og dei sosiale kodane, samtidig som eg har ein distanse til bakgrunnen min som eg synes er grei. Dette er kyst og Sogn og Fjordane, og det er noko eg kjenner, seier han og ser ut i regnbygene.

— Ærleg tala hadde eg ikkje trudd at eg skulle hamne her.

Han har allereie lagt eit stort arbeid ned i å få huset rydda og bebueleg, og har enda større oppgåver framfor seg i form av naudsynt vedlikehald og ombyggingar.

På sine 20 år i utlandet har Sture opparbeidd seg eit rimeleg stort nettverk innan europeisk samtidskunst.

— Dei ser på Norge som rimeleg eksotisk. Og med ein slik plass kan eg by på noko som er enda meir spektakulært. Ingen av mine vener kjem til Norge for å søke til byane eller det urbane. For dei er dette mykje meir interessant, mykje meir spennande. Og eg treng ikkje bygge noko stort apparat rundt dette, det her funkar allereie glimrande.

Ope hus, mange gjester

— Eg vil at dette skal vere eit ope hus, der folk kan kome og arbeide med alt innan musikk, bilde og litteratur. Eg tar sikte på å ha ei utstilling i året med internasjonal samtidskunst i ei eller anna form. Vi får sjå etterkvart. Så langt har i alle fall prosjektet gitt meirsmak.

Sture inviterer kollegar og vener av rein egoisme, og synes det er hyggeleg dersom også nærmiljøet kan dra nytte av at internasjonale kapasitetar bur i bygda i periodar.

— Dersom det ligg til rette, kan vi tenke oss foredrag, undervising eller små utstillingar, seier han.

For hans eigen del er Hersvik eit pustehol, ein plass å samle trådane. Han har levd heile sitt vaksne liv i storbyar.

— Spesielt om vinteren er det stille her. Men det likar eg. Når eg har vore ute og reist i tre månader, så er det deilig å komme hit og berre få fred til å arbeide.

Ute piskar regnet framleis mot vindusrutene. Det er sjeldan heilt stille i Solund.