JOHN LINDEBOTTEN

Etter det Bergens Tidende kjenner til, har den eksterne kontrolløren, Metier Scandinavia, rekna seg fram til at Hardangerbrua vil kosta 1715 millionar kroner. Prisen som Statens vegvesen kom fram til er 1680 millionar kroner.

Plussar vi på ti prosent, som er det største avvik Stortinget går med på, ligg vi på rundt 1900 millionar kroner. I pressemeldinga som dei tre regjeringspartia sende ut for eit par veker sidan, der dei melde frå at dei går samla for Hardangerbrua, hadde dei rundeleg rekna kostnaden for brua til 2 milliardar kroner.

Av kommentarar frå Metier Scandinavia skal det ha gått fram at skilnaden mellom dei og Statens vegvesen var meir eller mindre tilfeldig. At skilnaden er så liten, kan skuldast at Metier Scandinavia, etter det BT veit, har nytta dei same fagfolka som Statens vegvesen. Dei skal og ha nytta dei same hengjebruene som Statens vegvesen i sine samanlikningar.

Møreforsking har vore engasjert for å sjå nærare på trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua; — ein svært avgjerande faktor for finansieringa av brua.

Møreforsking kjem fram til at Statens vegvesen sitt anslag på 1950 bilar i døgnet i opningsåret 2010 heller er for varsamt enn for dristig.

Sjølv om regjeringspartia, Høgre, KrF og Venstre, har forkynt at deira konklusjon om Hardangerbrua er klar, dreg det ut med stortingsproposisjonen.

Samferdsleminister Torild Skogsholm har garantert at propopsisjonen vil passera statsråd og gå til Stortinget i denne stortingsbolken. Det vil seia innan september månad er ute.

På spørsmål frå BT svarar samferdsleministerens politiske rådgjevar, Sverre Molandsveen, at proposisjonen om Hardangerbrua vil koma «så snart som mogleg».