Nesten blink på Hardangerbrua

35 millionar kroner er skilnaden mellom Statens vegvesen sin pris på Hardangerbrua og prisen som kom fram i den eksterne kvalitetskontrollen av kostnadene.

JOHN LINDEBOTTEN

Etter det Bergens Tidende kjenner til, har den eksterne kontrolløren, Metier Scandinavia, rekna seg fram til at Hardangerbrua vil kosta 1715 millionar kroner. Prisen som Statens vegvesen kom fram til er 1680 millionar kroner.

Plussar vi på ti prosent, som er det største avvik Stortinget går med på, ligg vi på rundt 1900 millionar kroner. I pressemeldinga som dei tre regjeringspartia sende ut for eit par veker sidan, der dei melde frå at dei går samla for Hardangerbrua, hadde dei rundeleg rekna kostnaden for brua til 2 milliardar kroner.

Av kommentarar frå Metier Scandinavia skal det ha gått fram at skilnaden mellom dei og Statens vegvesen var meir eller mindre tilfeldig. At skilnaden er så liten, kan skuldast at Metier Scandinavia, etter det BT veit, har nytta dei same fagfolka som Statens vegvesen. Dei skal og ha nytta dei same hengjebruene som Statens vegvesen i sine samanlikningar.

Møreforsking har vore engasjert for å sjå nærare på trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua; - ein svært avgjerande faktor for finansieringa av brua.

Møreforsking kjem fram til at Statens vegvesen sitt anslag på 1950 bilar i døgnet i opningsåret 2010 heller er for varsamt enn for dristig.

Sjølv om regjeringspartia, Høgre, KrF og Venstre, har forkynt at deira konklusjon om Hardangerbrua er klar, dreg det ut med stortingsproposisjonen.

Samferdsleminister Torild Skogsholm har garantert at propopsisjonen vil passera statsråd og gå til Stortinget i denne stortingsbolken. Det vil seia innan september månad er ute.

På spørsmål frå BT svarar samferdsleministerens politiske rådgjevar, Sverre Molandsveen, at proposisjonen om Hardangerbrua vil koma «så snart som mogleg».

Les også

Siste fra Lokalt

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Slik kom politiet på sporet av vrakene

Ren slump avslørte dumpingplass ved Knarvik. Her er historien bak.

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

- Ulykkene preger folk her ute

To dødsulykker på kort tid i Lindås. Rusede sjåfører skal ha utløst begge - og selv overlevd sammenstøtene.

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger