Resultata frå siste aprildagen var ikkje klare då vi snakka med meteorologen, men det låg an til ein middeltemperatur i april på minst 8,3 grader. Det er dermed ei tangering av det nest varmaste som er målt.

Rekordåret var i fjor, då middeltemperaturen var oppe i 8,6 grader. Såleis kan måleresultata gje god næring til påstandane om at vi går varmare tider i møte. Aller varmaste aprildagen i år var torsdag denne veka, då kvikksølvet stoppa på 16,3 plussgrader.

Men sjølv om vi har ein uvanleg mild april bak oss i år, så har den vore nokså våt. 177 millimeter har meteorologane i Bergen funne i måleglasa sine, mot 83 millimeter i fjor. Normalen i sydvestbyen ligg på 114 våte millimeter.

Men trass i ein flott start óg på mai månad, er det ingen grunn til å parkera paraplyen.

— Det ser diverre ut som om dei flottaste dagane er forbi i denne omgangen, seier Harald Abildsnes, vakthavande ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Og utan sol vert det dermed noko lågare temperaturar på dagen.

— Me kan nok óg vente noko regn dei neste dagane, seier Abildsnes.