– Dette var tre veldig viktige poeng for oss, seier Nest-Sotra trenar Bert Inge Tørum.

Før kampen låg Nest-Sotra på 13. plass med 14 poeng. No er dei framleis på 13. plass, men luka opp til laga over er ikkje så stor som den var.

– Når vi ligg der vi ligg på tabellen må vi ta poeng. Å få kontakt med laga over er alfa-omega, seier Tørum.

Etter dei to siste kampane har Nest-Sotras stjernespiss Kim Rune Hellesund klaga over for mange baklengsmål. I førre kamp scora laget frå Skålvik fire mål, men då det kom fem i mot var det ikkje nok. I går viste dei heilt andre taktar.

– Vi klarte å halda nullen, og i kvar kamp får vi nok sjansar til å scora. Derfor var det veldig viktig for oss å vera trygge bakover, seier Tørum.

Hellesund på si side vart matchvinnar med sitt mål sju minutt etter pause. Etter mykje rot i forsvaret til Åsane fekk han ballen på bakre stolpe, og trilla han enkelt i mål.

Åsane har hatt flyten i det siste, men i går stemte det berre ikkje for dei.

– Dei kriga betre enn oss, og vi hadde ikkje innstillinga før kampen. Mange tok for lett på det, seier ein skuffa Åsane-spelar, Jahn Ove Wiik etter kampen.

MATCHVINNAR: Kim Rune Hellesund scora målet som sikra Nest-Sotra tre poeng. Her flankert medan han står i mur av Ørjan Torsnes og Jonny Furdal (til høgre).
Deisz, Ørjan