JOHN LINDEBOTTEN — Dersom Stortinget ikkje løyver pengane, let ikkje Jondalstunnelen seg finansiera, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til Bergens Tidende.

— Regjeringa har ikkje lagt inn pengar, og det er svært vanskeleg å få inn noko som ikkje står i statsbudsjettet, seier Ranveig Frøyland, Ap, til Bergens Tidende.

— Eg er pessimistisk, og tvilar på om vi greier å få inn Jondalstunnelen i haust, seier Oddbjørg Ausdal Starrfelt, som er Arbeidarpartiets talskvinne i samferdslekomiteen.

Siste sjansen

Jondalstunnelen er det siste store fylkesveganlegget i landet som skulle nyta godt av ei overgangsordning etter at Stortinget avvikla ordninga med statsløyvingar til fylkesvegar. Denne ordninga skulle vara til og med statsbudsjettet for 2005.

— Eg trur vi har siste sjansen i haust, og tvilar på om overgangsordninga vert strekt lenger, seier Starrfelt.

Regjeringa, og særleg Høgre, står hardt på at dei 50 millionar kronene må fylket prioritera innanfor ramma av riksvegløyvingar som kjem i statsbudsjettet.

— Eg veit ingen annan måte å skaffa desse pengane på, seier leiaren i samferdslekomiteen, Petter Løvik, til BT.

Dette er det aller siste fylkestinget kan tenkja seg; - å måtta omprioritera til fordel for Jondalstunnelen i eit riksvegbudsjett som frå før er skore inn til beinet.

Fleirtal ikkje nok

— Men SV, Sp og Ap har lova skaffa dei 50 millionane utanom riksvegramma. Framstegspartiet har gått langt i å lova det same. Dei fire partia har fleirtal på Stortinget. Kvifor er det likevel så vanskeleg å få tak i pengane?

— Fordi vi ikkje kan laga fleirtal utanom regjeringa når vi vedtek statsbudsjettet. Då må regjeringa gå av. Vi kan ikkje operera med ulike fleirtal, seier Ranveig Frøyland, som opplyser at Arbeidarpartiet vil leggja inn Jondalstunnelen i sitt forslag til statsbudsjett.

Men det er regjeringa sitt budsjettforslag som skal handsamast i Stortinget, og i fyrste omgang er det Framstegspartiet som er innbeden til å skapa eit budsjettflerital saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Krev 1 milliard meir

— Vil Framstegspartiet kjempa for Jondalstunnelen i desse tingingane, og freista få regjeringa med på noko som ho er i mot?

— Vi vil gå inn i budsjettingingane med eit krav om 1 milliard kroner meir til vegsektoren. Stortingsgruppa vår skal setja opp ei prioriteringsliste, og der er det mange om beinet. Men Jondalstunnelen er det siste store fylkesveganlegget som kan få pengar frå overgangsordninga, og eg trur siste sjansen er no i haust, seier partiet sin samferdsletalsmann, Kenneth Svendsen.