Første juledag fyrte to unge menn opp ein rakett inne i kupeen på eit lokaltog i Oslo. Det skulle dei ikkje gjort. Toget er eitt av to NSB-tog som har fått installert videokamera, og no blir dei to meldt.

NSB installerte rett før jul 36 videokamera i to lokaltog i Oslo-området. Dette er eit prøveprosjekt som skal gå fram til mai, då NSB skal avgjere om dei skal innføre dette på fleire tog. Det seier informasjonssjef Preben Colstrup i NSB.

— Det er ikkje snakk om noko overvaking av personell eller passasjerar. Bileta skal ikkje brukast utan at det foregår kriminelle handlingar, seier han.

NSB har henta ideen frå Danmark, der eit tilsvarande prosjekt har redusert hærverk og vald på toga med 80 prosent.

Ifølgje Colstrup er overvaking først og fremst aktuelt på lokaltoga. Du vil difor neppe sjå videokamera om du tek toget frå Bergen til Oslo i framtida.

Heller ikkje på lokaltoga i Bergens-området er det særleg aktuelt med overvaking, seier fungerande regionsjef Øyvind Wallem.

— Det måtte kan hende vere på strekninga Bergen-Arna, men hærverk er ikkje noko problem hos oss, seier han.

TATT PÅ FERSKEN: To unge menn brukte 1. juledag til å fyre av ein rakett inne i eit lokaltog i Oslo. Uheldigvis var toget eit av to der NSB har installert overvåkningskamera. <br/>FOTO: NSBS OVERVÅKNINGSKAMERA