Politiet ber om fire veker i varetekt for den tidlegare ustraffa mannen, som er av utanlandsk opphav.

– Han er sikta for valdtekt. Vi festar ikkje lit til hans forklaring om at det var friviljug, seier politiadvokat Birte Lysaker i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til BT.

Baud på skyss

Det var natt til fredag den påståtte valdtekta skal ha funne stad. Den 19 år gamle kvinna hadde vore på restaurantbesøk og var på veg heim, då 23-åringen skal ha bode henne skyss.

— Det er ikkje tale om noko piratdrosje. Mannen har tilbydd kvinna skyss, noko ho takka ja til, seier Lysaker.

I staden for å køyre kvinna heim, skal mannen ha køyrd til eit sandtak nokre kilometer frå Leirvik sentrum. Her skal han ha valdteke kvinna inne i bilen.

Kvinna kontakta politiet ved 02.15-tida natt til fredag, og melde frå om at ho var blitt valdteken. Ei patrulje frå politiet køyrde kvinna til sjukehuset i Haugesund for behandling.

— Kvinna er undersøkt av lege. Dette, saman med hennar forklaring, er bakgrunnen for valdtektssiktinga mot 23-åringen, seier Lysaker.

Sett av fleire

Kvinna greidde å gi eit godt signalement av mannen, og bilen han køyrde. Fleire vitne har også forklart at dei såg kvinna sette seg inn i den eldre Mercedesen, som 23-åringen disponerte. I tillegg har politiet sikra seg videoopptak frå minst to stader i Leirvik sentrum.

Den sikta 23-åringen er busett i Rogaland. Kva han gjorde på Stord er uvisst. Førebels har han ikkje bede om bistand frå advokat.

Skulle «ta» utlendingar

På Stord har valdtektssak skaka opp lokalbefolkninga. To menn gjekk derimot langt over streken, då dei fredag kveld oppsøkte eit gatekjøkken som har utanlandske eigarar.

— Bakgrunnen var at dei skulle «ta» utlendingar. Ei rute var knust, og mennene skal ha oppført seg truande overfor dei tilsette, fortel politiadvokat Lysaker.

Ho understrekar at det ikkje er noko kopling mellom den sikta 23-åringen og personane som driv gatekjøkkenet.

— Vi har gitt dei to mennene førelegg på 3500 kroner kvar. Begge har vedteke desse, seier Lysaker.