Rådmann Ørjan Raknes Forthun nektar å tru at det er sant. Han har starta arbeidet med å finne feilen. – Dette kan berre ikkje stemme. Det går ikkje an. Vi må berre finne ut kva som har skjedd, seier rådmannen. Raknes Forthun erkjenner at slik alkoholrekneskapen er ført, manglar det om lag 1,6 millionar kroner på inntektssida etter arrangementet. Men han meiner bestemt at dette ikkje kan vere i tråd med realitetane.