Mannen vedgjekk straffeskuld for å ha køyrt med promille, men seier han ikkje hugsar noko over ein periode på ti timar laurdagen ulukka skjedde.

Sunnfjordingen har sukkersykja, og hevdar han må ha fått føling. Det siste han hugsar er at han sette seg i ein stol i to-tida dagen ulukka skjedde. Han hadde då drukke kring ein desiliter sprit. Deretter hugsar han ingenting før han «vakna opp» Lærdal sjukehus i 22-tida same dag. Mannens promillen blei målt til 2,01 knappe to timar etter ulukka.

To eldre kvinner omkom i ulukka på riksveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal like før klokka 19 laurdag 21. februar. To andre blei skadde i ein høgresving ved Rausnes. Bilen mannen førte kom over i motsett køyrebane, og kolliderte med bilen kvinnene sat i.

Fleire sakkunnige skal vitne i saka. Det sentrale punket blir om føling kan føre til at tiltalte har vore medvitslaus.

Det er sett av fire dagar til rettssaka.