Det var natt til søndag 25. juli i fjor at den tragiske ulukka skjedde like utanfor Balestrand sentrum. Politiet meiner 20 år gamle Madushanka førte bilen som i høg fart køyrde utfor vegen ved Hamrane. Påtalemakta har sett han under tiltale for aktlaust drap og promilekøyring.

Bror til tiltalte omkom i ulukka. Han blei funnen like ved bilen ei stund etter ulukka. To jenter fekk skader.

Tiltalte har tidlegare sagt til Bergens Tidende at han ikkje hugsar noko frå ulukka. Mannens forsvarar, advokat Louis Anda, vil i retten så tvil om at det kan bevisast at det var hans klient som sat bak rattet.

Det er sett av to dagar til rettssaka som går i kommuenestyresalen i Balestrand. Ei rekkje ungdommar frå sognebygda var til stades då rettssaka tok til i dag tidleg.