Men revisoren i Fiskas, stråselskapet som blei brukt til å dekke over handelen, skal i politiavhøyr forklart at dei kjende til det.

Det var i tingretten i Førde torsdag at Kvalheim hevda dobbelbokføring for å selje laks under minstepris til EU, var diskutert med revisorane i selskapet.

— Nei, dette kjende vi ikkje til, sa vitnet Olav Sølvberg då han møtte i retten i får førmiddag.

Sølvberg dreiv firmaet Firda Revisjon i Måløy, og var frå første dag ansvarleg revisor for OK-Fish Kvalheim AS.

— Dersom du hadde visst det, kva hadde du gjort då?, spurde aktor.

— Då ville vi sjølvsagt reagert.

Også ein tilsett på revisjonskontoret som hadde den daglege oppfølginga med OH-Fish, nekta for at han kjende til dette.

— Nei, eg kan ikkje hugse at dette blei omsnakka med oss. Men eg visste at dette var noko som blei mykje diskutert i bransjen. Men vi hadde ingen mistanke om at dette skjedde, og spesielt ikkje sidan EU-kontrollørane undersøkte bedrifta utan å finne noko, sa vitnet.