Mannen møtte måndag i Bergen byrett, skulda for å ha misbrukt eine dotter si seksuelt, for å ha slått henne medvitslaus, og for å ha slått og truga kona og begge døtre med kniv.

Seksuelt misbrukt

Sjølv sa 51-åringen at han ikkje forstår korleis dei grove skuldingane har dukka opp då rettssaka mot han tok til måndag.

Påtalemakta hevdar at mishandlinga av familien skal ha pågått heilt sidan 1988. Verst skal det ha gått ut over den eldste dottera, som fleire gonger frå 1994 til 1998 skal ha vorte seksuelt misbrukt.

Ho var berre ti år gammal då misbruket skal ha tatt til. Ifølgje tiltalen truga faren med å drepe både henne og mora dersom ho ikkje gjorde som han sa.

Oppdaga i april

Politiet fekk nyss om at noko gale var fatt då ein granne melde om husbråk hos familien i april i år. Denne dagen skal faren ha gått laus på båe døtrene og kona, og den 17 år gamle dottera skal ha vorte slått fleire gonger mot veggen medan han slo og sparka henne i ryggen. Valdsbruken var ifølgje tiltalen så voldsom at jenta vart slått medvitslaus.

— Klienten min vedgår at det var litt knuffing og bråk den dagen han vart pågripen. På alle dei andre tiltalepunkt nektar han straffeskuld, seier mannens advokat, Øystein Lillevik.

Stengde dører

Også den yngste dottera, som berre er ti år gammal, skal ha vorte offer for farens valdsbruk. 51-åringen har vore varetektsfengsla sidan april. Forsvarar Øystein Lillevik bad om stengde dører av hensyn til den tiltalte, og fekk medhald i det. Det er sett av tre dagar til saka, og det skal førast fleire vitne: Både kona, dei to jentene, politifolk, barnevernstilsette og ein lærar står på vitnelista.